Lokal | 19. mai 2014

Fyrer av heile året

Pyroteknikar Ole-Marius Røttingen fyrte av saluttane i Øyane på 17. mai. I sommar skal det smella fleire plassar.

Fyrer av heile året
Ole-Marius då han laurdag fyrte av salutt i Øyane før 17. maitoget skulle gå. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 19. mai 2014 07:41

I 2011 flytta Ole-Marius Røttingen heim frå Oslo til Øyane, og starta eigen pyroteknisk bedrift som han sidan har drive på fritida.

Les òg:
– Kan vi få sjå 'an ein gong te? (med video)
Godt nyttår til 37.000 (med video)

Sidan har vi høyrd at det har smelt ekstra frå vest i kommunen ved inngangen til nye år, bedrifter og innbyggarar i Øyane har spleisa på oppgradert fyrverkeri frå Røttingen framfor å stå med kvar sitt «sivile» fyrverkeri.

Men det er ikkje berre på nyttårsaftan at Røttingen har oppdrag.

Laurdag fyrte han av fire saluttar for å markera starten på grunnlovsjubileet, og det er ikkje dei første salvane han har skote i år.

Bryllaup, firma og festivalar

Selskapet, som no marknadsfører seg under namnet Propyro.no, blir drifta av Ole-Marius og med broren Fredrik og fetteren Ørjan som medhjelparar.

– Det er framleis ein deltidsjobb, men vi skyter ein del for tida. I mars lagde vi ekstra liv då Ikea i Åsane fylte 30 år, men vi har også vore på oppdrag for Sjøforsvaret, Myrkdalen, for andre firma og i bryllaup.

I sommar står fleire festivalar for tur.

– Tysnesfest (9. - 13. juli) blir, for tredje år på rad, runda av med fyrverkeri frå oss. Også Bygdalarm (3. - 5. juli i Øystese) er blant kundane.

– Vi er også i dialog med Osfest, kanskje blir det ei eksplosiv avrunding på den nye festivalen i Os òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.