Gabriel Abotnes debuterte i lengde og vann med 4,35 meter. (Privat foto)

Gabriel tok 1. plass i Framolekene

Fleire gode resultat av Os Turn: Ingen i gutar 12 hoppa lengre enn debutant Abotnes.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os Turn si friidrettsgruppe stilte med 23 utøvarar i Framolekene i helga som var.

– I strålande vêr var det fleire som sette personleg rekord på Fana Stadion denne helga. Vi hadde òg fleire fine plasseringar, fortel trenar Sindre Steinsland.

1. plass i debuten

Os markerte seg sterkt i fleire øvingar, ikkje minst ved Gabriel Abotnes som vann lengde i klassen gutar 12 med 4,35 meter.

– Dette var første gong Gabriel konkurrerte i lengde, så vi vil nok sjå meir frå denne ungguten framover.

Raske jenter

På jentesida sto Henriette Sæbø Noss (J11) fram og fikk ein fin 6. plass på 60 meter med 9,76 (ny pers) og  5. plass i lengde med 3.56 meter, også det ny personleg bestenotering.

Ei anna jente som hevda seg godt var Emma Eikrem i J8-klassen. Ho fekk  2. plass på 60 meter med tiden 11,07, kun slått av Elise Andrea Bos frå Lysekloster (10,62).

• Les òg: Rekordras i Framolekene (Lysekloster sine resultat)

– Det gror godt i friidrettsgruppa til Os om dagen. Kvar veke har vi nye innom som kjem for å prøva.

– Det er ekstra kjekt at vi òg har stadig fleire som blir med på stemne, og at dei meistrar det så godt, seier Steinsland.

Andre gode resultat av deltakarane frå Os:
Alexander Norbeck (G10) nr. 5 i liten ball med 20,09 m.
Frida Berge Steinsland (J10) vinner i høgde med 1,05 m.
Tuva Olsen Klyve (J14) nr. 6 på 600 meter 1,57,05
Thea Olsvold Hausberg (J14) nr. 4 i kule 8,53 meter (ny pers)