Kultur | 02. juni 2015

Galne gnagarar og galen Max

Bygdekinoen er tilbake sundag med filmane Det elleville nøttekuppet og Mad Max: Fury Road.

Galne gnagarar og galen Max
Mad Max: Fury Road (Foto/Copyright: SF Norge AS). Det elleville nøttekuppet (Foto/Copyright: Norsk Filmdistribusjon)
Kari M. Lyssandtirsdag 02. juni 2015 20:40

Det er ein månad sidan Bygdekinoen var i Oseana sist, men denne veka er dei tilbake med to nye filmar til osingane, Det elleville nøttekuppet og Max Max: Fury Road.

Det elleville nøttekuppet

Vinteren nærmar seg med stormsteg, og alle dyra i parken samarbeider om å fylla opp matlageret før vinteren set inn. Tilgangen på mat er dårleg, og dei førebur seg på å møta vinteren svoltne.

Men ein dag snublar ekornet Egon over ein heil butikk fyld med deilige nøtter. No må han overbevise dei andre om å bli med og rane butikklageret. Men ein gjeng slue bankranarar brukar allereie butikken som skalkeskjul for sine lyssky operasjonar, og dei er ikkje interesserte i å dela lokala sine med ein gjeng gnagarar.

Filmen varer i 1t 25min.
Tid: 07.06.2015 - klokka 16:00

Mad Max: Fury Road

Fra regissør George Miller, skaparen av Mad Max-filmane, kjem ein ny film i serien, der vi vender tilbake til verda til Max Rockatansky, denne gong i Tom Hardy sin skikkelse.

Plaga av si turbulente fortid, trur Max at den beste måten å overleve på er å vandra åleine. Han blir likevel med ei gruppe som rømmer i ein «War Rig», køyrd av Furiosa. Dei rømmer frå eit Citadel som blir tyrannisert av Immortan Joe, som har fått noko uerstatteleg stjåle frå seg. Rasande følgjer krigsherren og hans gjeng disse rebellane hensynslaust gjennom øydemarka i det som ender opp som ein krig på hjul.

Skodespelarar: Tom Hardy, Charlize Theron, Nicholas Hoult, Rosie Huntington-Whiteley.

Filmen varer i 2 timar og har 15 års aldersgrense.
Born over 12 år kan sjå filmen i følgje med ein vaksen.
Tid: 07.06.2015 - klokka 19:00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.