Kultur | 29. apr. 2016

Gamalt graps godt som gull

I morgon er det tid for årets Ulvenmarknaden.

Gamalt graps godt som gull
Gustav Bahus (oppe t.v.) frå Os Skysslag ser fram til å fylla plassen utanfor Os vgs med utstillarar av varer og veteranbilar. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. apr. 2016 07:38

Os Skysslag sin årlege marknad samlar utstillarar frå heile Sør-Noreg, frå Austlandet og Mørekysten til Mandal.

– Vi jobbar etter same slagord som før, «kom som du er, ta med det du har», seier Gustav Bahus frå Os Skysslag.

Marknaden har eit mildt sagt variert og underhaldande sortiment, frå delar til eldre bilar og motorsyklar til ulike samlarobjekt.

– Det som er skrot for enkelte kan vera mykje verdt for andre. Vi har fleire eksempel på folk som har funne noko dei har leita lenge etter nettopp på denne marknaden.

Staseleg bilutstilling

Ein eigen parkeringsplass er sett av til dei som køyrer staseleg, marknaden plar ha frå 80 til 120 veteranbilar og amcar på utstilling.

– Det kjem mykje an på vêret, kor mange bilar det blir, ein del av desse bilane er berre ute på godvêrsdagar.

Det er meldt opphaldsvêr laurdag formiddag, men etter lunsj skal det koma nokre dropar.

– Førebuingane er i gang og dei første utstillarane kjem i ettermiddag, seier Gustav dagen før den 12. Ulvenmarknaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.