Sport | 02. juni 2019

Gamle vanar er gode å venda

Ser du etter ein smart metode for rask toppform? Her er 7 tips til varig endring av gamle vanar.

Gamle vanar er gode å venda
Torill Bakke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. juni 2019 19:38

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring.

• Førre artikkel: Intervall - få maks ut av treninga på kort tid

Ein sunn og sterk kropp er dessverre ikkje eit resultat av ein 30-dagers kur eller 4 veker med intensiv styrketrening. Ein sterk og sunn kropp kjem som eit resultat av gode val og vanar gjort kontinuerlig over lang tid.

Skal du endra ein livsstil er det viktig å ha god tid og å ta små steg om gangen. Lite er etablert på kort tid, men rett fokus over lang tid gjer deg alltid eit bra resultat til slutt.

Vi er alle styrt av dei godt innarbeidde vanane våre. Kvardagen er hektisk for dei fleste av oss og då vel vi gjerne den same maten som vi alltid har gjort, «fem om dagen» fokuserer vi heller på i neste veke, og kanskje hamnar vi på sofaen framfor på trening etter ein travel arbeidsdag.

Vanar og rutinar er godt innarbeidde og kan vera vanskelege å endra. Vi veit alle at eit sunt kosthold i kombinasjon med regelmessig trening er bra for oss i teorien, men likevel strevar vi gjerne med å gjennomføra dette i praksis.

Det positive her er at dersom vanen med eit sunt kosthald og regelmessig trening først er godt etablert, så sit han like godt som den dårlege vanen gjorde i utgangspunktet.

Mens du ventar på at inspirasjonen til total omvelting skal koma ... her er nokre tips.

Korleis kan vi endre vanane våre?

1. Sett deg mål med tidsperspektiv og start i det små.

2. Del opp i hovudmål og delmål. Hovudmålet er gjerne stort og vil ta tid å oppnå. Delmåla er mindre og oppnåelege innan kortare tid.

3. Vel ein til to vanar du vil ha fokus på og gjer små endringer om gangen. Dette krev tolmod, men det gjer deg eit resultat som er meir varig over tid enn om du prøver å endre alt på ein gang og gjerne så kjapt som mulig.

4. Ha god tid. Ting tar tid, også her. Alt etter kor innarbeidd vanen din er tar det minst éin måned, og gjerne fleire månadar, å erstatte ein dårleg, gamal vane med ein ny og betre.

5 Ha fokus. Ingenting kjem gratis og du møter garantert på dårlege dagar då trening og gode matval er det som freistar lite.

6. Det er sjeldan «alt eller ingenting» som gjeld. Alle opplever nedturar undervegs, og kan gå på ein smell innimellom. Når dette skjer sørgjer du bare for å koma på rett kjøl så snart som mogleg.

7. Både trening og eit godt kosthald er ferskvare og ein god livsstil må du ha fokus på kvar dag gjennom heile livet ditt. Kroppen vår er fleksibel og tåler svingingar i inntak. Det er aldri krise om ein dag består av fleire dårlege val enn gode, både kosthalds- og treningsmessig. Men i det lange løp trives kroppen vår og helsa vår det aller best med ein god og sunn balanse. Ha som mål å ha ein kvardag som best av alt består av gode val, men som òg gjer rom for å kosa seg innimellom.

Lykke til!

Torill Bakke
Fysioterapeut, personleg trenar og kostvegleiar
@torillbakke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.