Sport | 24. feb. 2010

Går for dobbelt opprykk

Nyopprykka Lysekloster har gjort det skarpt i tre treningskampar. I år går dei for opprykk til 5. og 6. divisjon.

Går for dobbelt opprykk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. feb. 2010 12:39

Lysekloster slo blant anna Søfteland og Nore Neset i kamp om opprykk til 6. divisjon i sesongen som var. Med stall på over 30 spelarar har dei no oppretta eit andrelag, om målet er opprykk med begge i 2010.

- Vi har ein brei og god stall og satsar på å klatra til 5. divisjon med førstelaget og 6. divisjon med andrelaget, seier trenar Ørjan Sandal.

Fleire nye spelarar
Stallen Lysekloster rykte opp med er stabil, den einaste som ikkje er med vidare i år er spelande assistenttrenar Harald Haugland.

- Elles har vi fått fleire nye spelarar, både frå Søfteland, Mandalskameratene og Fana. I tillegg har vi tatt opp nokre 15- og 16-åringar frå eigen stall.

15-åringen Naj gjorde det skarpt i debuten i treningskampen mot Eidsvåg 2 laurdag. Han var nær på skåring etter 8 sekund, seinare i kampen blei det full klaff og mål.

Siger i 3 av 3
Lysekloster stiller med to lag i Tornado Bergen sin vinterliga, TBWL. Laga har den siste veka spelt til saman tre kampar i turneringa og vunne alle.

- Laga heiter Lysekloster 1 og 2, men vi prioriterer på denne tida av året trening like høgt som resultat, så det blir ikkje full topping av nokre av laga, seier Sandal.

Lysekloster 2 har slått 6. divisjonslaget Eidsvåg 2 (3-0) og 5. divisjonslaget Skjergard (3-1). Lysekloster 1 har spelt éin kamp, der dei slo Arna Bjørnar 2 (5-3). Arna Bjørnar 2 skal ifølgje Sandal ikkje ha tapt på to år.

Denne veka spelar Lysekloster yttarlegare to kampar i turneringa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.