Hans Magne (oppe t.v.), Rune (t.h.), Halvor (nede t.v.) og Jan Tore skal leiast av Tomas (midten) i komikamp i Oseana fredag kveld. (Pressefoto)

– Går du tom her, slit du

På fredag kan du få med deg ei verbal brudulje på Oseana når «Råkt opp og ned» køyrer på med Comedy Fight Club.

Av: Kjetil Osablod Grønvigh

– Comedy Fight Club er stand up på sitt råaste. Komikarar mot kvarandre og alt av venskap er lagt att i garderoben. Dette er heilt klart ein av dei morosamste måtane stand up kan serverast på.

Dette fortel Jon Hægland frå Råkt opp og ned, Os sin lokale stand-up klubb.

–Tidlegare har arrangementet vore på påskeafta, men i år måtte vi flytta litt i kalenderen for at det skulle passa for alla partar.

Publikum styrer

Hægland fortel at kvar av komikarane først køyrer ein runde kvar med ferdig skrive og førebudd materiale. Publikum sin respons legg føringane for kva som skjer vidare.

– Den som haustar den beste applausen, skal på sist i neste runde - ein runde kor publikum òg bestemmer temaet for komikarane. 

– Komikarane får litt tid på seg til å førebu seg, og så må dei på scenen att. Då er det naturleg nok vinnaren frå første runde som har det lettast, med at han eller ho har lengst tid til å førebu seg på.

Hægland har sjølv erfaring frå konseptet, og fortel at det det lett kan gå tomt når du du skal vera vittig, utan noko meir enn eit par notatar du rekk å skribla ned.

– Dette går på sjølvtillit, og eg har sjølv opplevd ein «melt-down». Det eg skreiv ned i pausen hadde jo ingen verdi!

Dritbra line-up

Hægland ser fram til å arrangera stand-up i foajeen i Oseana, og han meiner gjengen som skal i elden på fredag, er av det dritbra slaget;

– Det er kjekt at Oseana har lukkast med å laga ein stand-up scene, og det skortar ikkje på talent og verbal tyngde i fredagens line-up;

Den som skal utfordre bergenskomikarane denne runden, er vinnaren frå den første runden med fight club som var i Os; Halvor Hravn Jellum Johansson. Han har segla opp til å bli ein av dei aller morosamste, både på scena og i studioet til radio rock, der han sender verbale flatnevar ut over alle som bør ta seg kraftig saman.

Frå Voss kjem Rune Lothe. I tillegg til å vere komikar, er Rune arkivar og alt det du tenker ein arkivar er. Han var med på megasuksessen «Julegøy» på Ole Bull saman med Kevin Vågenes, Christine Hope og Christoffer Schjelderup. Dersom du likar orden, system og strikkevestar, er Rune din mann i ringen.

Frå Loddefjord kjem Jan Tore Kristoffersen. Jan Tore har vore fleire gongar i Os, og han har gjort alt frå å redde kveldar på eigenhand til å slå hol i skroget. Det er nettopp den eignskapen som gjer han så nydeleg å få på besøk. 

Hans Magne Skard er ein komikar som lener seg mot den meir absurde delen av stand up sjangaren. Ein noko isolert oppvekst i Sveio kan ha bidrege til dette.  I 2012 blei han kåra til årets nykommar på "Den store norske humorfestivalen". I år deltek han på den sagnomsuste Crap åppå park festivalen i Oslo, og varmar opp for Dag Sørås.

Ringleiar Tomas Nesse debuterte på scena hausten 2006. Han hausta lovord både under Humorfestivalen i Stavanger og Stand Up Festivalen i Oslo 2007. Han har overraska etablerte komikarar med særeigne sluttpoeng og godt materiale.
 

 

Fleire saker