Går for freding
NJFF går for full fiskestopp i alle elvene i Hordaland. Os Jakt- og Fiskelag har ikkje fått orientering.


Norges Jeger og Fiskeforbund vil ha full stopp i laksefiske i alle elvene i Hordaland.
- Det er vår anbefaling til fylkesmannen når dei nye fiskereglane skal fastsetjast, seier Alv Arne Lyse til bt.no.
Lyse er fylkessekretær for Norges Jeger og Fiskeforbund, avdeling Hordaland.
Ifølgje fylkesmannen berre 6 av 18 lakseelver i Hordaland fiskbare:
Etneelva, Frøysetelva, Loneelva, Daleelva, Oselvo og Storelva i Arna.
Med fiskestopp vil NFJJ visa oppdrettsnæringa at dei ikkje kan skulda på sportsfiskarane.
Lokallaga er ikkje informert
Berge Sørstrønen, nestleiar i fiskeutvalet i Os Jakt- og Fiskelag, hadde ikkje høyrt om anbefalinga frå NJFF før Midtsiden.no tok kontakt onsdag kveld.
- Det er overraskande at ikkje vi har høyrt noko om dette, meiner Sørstrønen.
Årets sesong var prega av lite vatn i starten, men då elva blei stor nok, i midten av juli, var det ikkje så verst.
- Det som er positivt er at dei som kjem opp elva får gjort det dei skal, det er bra med yngel. Det blir også tatt noko stor fisk, så enkelte har klart seg nokre sesongar.
- Men auren er nesten heilt vekke og lusa ser ut til å ta knekken på mykje laks, legg han til.
Om tiltaket med full stopp kjem til å ha effekt er han usikker på.
- Det spørs kor mykje oppdrettsnæringa bryr seg. Men om vi får statistikk som får politikarane til å skjerpa krava til næringa, så kan det nok ha effekt, trur Sørstrønen.