Sport | 24. jan. 2017

Går for gull på heimebane

Gullserielaget til Os går for gull når dei møter Sotra og Vadmyra laurdag.

Går for gull på heimebane
Gullserielaget med trenar Grethe Søviknes og støttekontakt/assistent Jan Kristian Rokne gler seg til å spela på heimebane laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 24. jan. 2017 08:36

Laurdag arrangerer Gullserielaget til Os Handball heimerunde i Oshallen, med gjestar frå Sotra, Fana, Vadmyra, Lyngbø og Bjørnar.

– Vi skal vinna. No skal vi berre ha ei god trening i dag, så er vi klare, seier spelarane når Midtsiden kjem innom på treninga måndag.

– Kampane byrjar klokka 12 og held fram til omlag klokka 17. Sjølv speler vi mot Sotra klokka 12 og mot Vadmyra klokka 14.30. Vi håper sjølvsagt på stor støtte frå tribunen, seier trenar Grethe Søviknes.

Speler med Bring-laget

Førebuingane til helgas kampar er av beste slaget. Laget speler nemleg kvar måndag mot og med Bring-laget (J16) til Os/Nore Neset, som tok to av fire poeng i den nasjonale serien i helga.

– Dei får låna litt av hallen av oss til å fullføre treninga si, så gjer vi det slik at vi spelar ein liten kamp saman til slutt. Då blandar vi laga slik at det blir to jamne lag med spelarar både frå gullserielaget og frå Bring-laget. Eg trur spelarane på begge laga tykkjer det er kjekt, smiler Søviknes.

Fleire nye spelarar

Laget som består av spelarar som ikkje finn seg til rette på ordinære lag har opplevd ei auke i antal spelarar som er med.

– Tidlegare har vi vore spelarar frå Os og Fusa. No har vi også fått med ein spelar frå Tysnes i tillegg til nokre nye frå Os, så vi fevnar breitt, fortel Søviknes, som gjerne hadde sett at ho også på trenarsida hadde fått ein tilvekst.

– Det er veldig kjekt å trena denne gjengen, så det er berre å ta kontakt om det er nokon som kan tenka seg å bidra.

God start på sesongen

Gullserielaget har hatt ein god start på 2016/17-sesongen.

– Vi har vore i Haugesund, kor vi vann kampane. På Stord spelte vi landskampar, kor spelarane på dei ulike laga blei satt saman til "landslag" og møtte kvarandre i kamp. Det var noko spelarane tykte var veldig gøy. Du veit dei kjenner motstandarane sine godt, så det å få spela saman med dei var berre moro.

– Siste serierunde hadde vi på Sotra, kor det òg gjekk bra. Der debuterte forresten Fana, som kjem opp her på laurdag, i seriespelet. Dei er eit heilt nytt lag i år, avslutter Grethe Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.