Lokal | 25. jan. 2011

Går mot nytt underskot

Rådmann Knut Terje Rekve la i formannskapet tysdag fram rekneskapsrapport per november 2010. Det var ingen hyggeleg lesing for politikarane.

Går mot nytt underskot
Andris Hamretirsdag 25. jan. 2011 14:21

Rekneskapen per utgangen av november tydar nemleg på at kommunen går mot eit nytt år med underskot på driftsrekneskapen. Samla sett vert det rapportert om eit driftsavvik på vel 14 millionar kroner, knytt til tenesteområda ved utgangen av november.

- Det ser ut som om vi for andre året på rad går med solide avvik og på solide smellar, kommenterte Espen Aspenes (Frp).

Vil ta nye grep
- Vi prøvde å gjera grep i februar i fjor og trudde at det skulle halde. Administrasjonen håpte det skulle halde. Eg føler vi må gjera nokre nye grep, for vi kan ikkje gå på skeive på drifta år etter år, sa Aspenes som ba om hjelp frå rådmannen om å finna forslag til tiltak og måtar å sikra at tiltaka får effekt.

Apenes inviterte dei andre politikarane til i felleskap å ta desse grepa. Han fekk langt på veg støtte frå Jostein Bondevik (Krf):

- Vi kan ikkje skyve det under teppet. Vi må få ein sunn debatt slik Aspenes legg opp til slik at vi slipp å dra den tunge børa med oss år etter år.

Kutta har tatt tid
Rådmann Knut Terje Rekve innrømma at resultatet ikke ser ut til å bli heilt som forventa. Han grunna avvika mellom anna med ein lågare skatteinngang enn budsjettert.

- Totalt ser det ut som om vi får eit skattesvik på omlag 15 millionar. Nettoeffekten blir nok ikkje så ille, sidan vi nok får ei oppjustering av det statlege tilskotet, kommenterte rådmannen.

I tillegg opplyste rådmann at fleire av dei innsparingstiltaka som blei satt i gang i februar i fjor ikkje har fått full effekt i 2010.

- Innsparingane har gått noenlunde etter planen, men helse- og sosial kom noko seint i gang, så der vil vi ikkje så virkninga før i 2011, hevda rådmannen.

Han gjekk samstundes langt i å antyda at kommunen bør sjå på nivået på enkelte av tenestane, som rus og psykiatri, kor kanskje nivået litt vel høgt. For dei øvrige områda på helse og sosial fekk han støtte frå kommunalsjef Nils Petter Borge i at det ikkje var fleire årsverk å kutta, men at ein heller bør sjå på korleis tenesten er lagt opp og organisert.

Grensa nådd
Rådmannen gav i formannskapet uttrykk for ei uro for at tenestene no har byrja å nærma seg taket av det dei klarar.

- På helse og sosial byrjar vi no å nærma oss det punktet kor det kan komma klagar til fylkesmann på tenestene, hevda Rekve.

- Også i skulen byrjar dei å stange mot ein opplevd følelse av å ha nådd minimumsnivå i høve til tildelte timar.

Hedevig Holst (H) delte bekymringane til Aspenes og Bondevik. Ho ba rådmannen komma med ei oversikt over kva konsekvensar tiltaka frå februar har gitt sammenligna med om dei ikkje hadde blitt iverksatt.

I saksframstillinga til formannskapet påpeikar rådmannen at prognosane per november er usikre i høve totalt resultat for 2010. På inntektssida er det svært mykje arbeid knytt til oppgjer for refusjonar. Dette arbeidet er ikkje ferdig før januar/februar. Avkastning på finansformuen er heller ikkje kjent. I tillegg vil premieavviket på pensjon, som påverkar resultatet svært mykje, heller ikkje bli kjent før ut i januar/februar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.