Sport | 29. okt. 2012

Går til Lysekloster

Ein tidlegare Brann-spelar er første signering hos Lysekloster etter opprykket til 3. divisjon.

Går til Lysekloster
Lars-Henrik Skage. (Foto: Brann.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. okt. 2012 08:34

Lars-Henrik Skage (20) går frå Brann til Lysekloster.

Dette er Lysekloster si første nysignering etter opprykket til 3. divisjon i haust.

– Skage debuterte for Brann då han spelte mot Aalesund i fjor. Han er i utgangspunktet ein kantspelar, men kan også bekle andre roller, seier trenar Ørjan Sandal.

Skage har vakse opp i Gneist, men har også spelt for Fana. For Brann spelte han også i cupen, noko som gjorde at han fekk tildelt NM-sølv i 2011.

– Det blir ei stund til neste signering. Vi har ein fin stall og mange som viser interesse for å bli med oss framover, så no vil vi først ha ein del på prøvespel før vi eventuelt knyttar til oss endå fleire.

Lysekloster sikra søndag også opprykk med andrelaget etter at dei slo Mathopen 6-1 i siste av to kvalifiseringskampar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.