Kultur | 20. apr. 2009

Garanterer latter

Ørjan Burøe har gått i lære hos Dagfinn Lyngbø og er kanskje den einaste standupartisten som lovar pengane tilbake om ikkje er nøgd. Fredag kjem han til Os.

Garanterer latter
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 20. apr. 2009 22:52

- Eg starta i 1997, som oppvarmar for Dagfinn Lyngbø. Eg var under vingene til Dagfinn, og det var gode vinger å vera under, seier Ørjan Burøe til midtsiden.no.

TV og radio
Du kjenner han kanskje frå Julelatter 2 med Jonna Støme med fleire, eller frå Judas med Terje Sporsem på TV Norge? Uansett har Ørjan, som sidan 1999 har levd av å vera morosam, lang og brei erfaring frå scenen. Også frå tida før han byrja med standup.

- Då dreiv eg med teater og revy. Eg har også å jobba for Radio 1 i Oslo. Begge delar har gjeve med nyttige erfaringar.

Frå nordnorsk russisk til Os
Burøe snakkar Oslo-dialekt, er vakse opp på Geilo og er halvt bergensar.

- Eg likar meg utanfor byane. Det er færre snobbar der.

Sambuarar, svigermødre, dørvaktar, flyplasstilsette og gold-digger-jenter får alle gjennomgå.

- Det kan vera lurt å ta med dama på showet mitt, så kan dei sjå kor ille eg er i forhold til deg sjølv, seier han.

Førre jobben hans var i Vadsø. Der var det fleire som hadde konene med, men fleire av dei var ikkje norske.

- Det var mange russiske jenter der. Dei lo dei òg, men først etter ei stund, då dei hadde fått vitsane omsett, seier Burøe.

Fredag kan du oppleva han på Opus Café & Bar. Vil du ha ein smaksprøve kan du sjå filmsnutt på standup.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.