Fotball | 09. juli 2020

Gav 10.000 kroner til moderklubben

– Gledeleg, men vi gler oss meir over suksessen hans, seier Endre Brenne.

Gav 10.000 kroner til moderklubben
Endre Brenne tok imot 10.000 kroner frå banens beste, tidlegare medspelar og «elev», Ole Martin Lekven Kolskogen. (Foto: SK Brann)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. juli 2020 11:13

Då Ole Martin Lekven Kolskogen (19) blei kåra til banens beste i bortesigeren over Sarpsborg, følgde det med ein sjekk på 10.000 kroner frå Norsk Tipping.

Denne kunne den nye Brann-kometen gi til valfri breiddeklubb, og valet falt på moderklubben Os.

– Dette var stas, vi er sjølvsagt veldig takksame, seier dagleg leiar og hovudtrenar Endre Brenne.

I går var han på Stadion og tok imot sjekken.

– Det er endå meir stas å sjå at Ole Martin har fått ein så god start i Eliteserien.

Brenne har sjølv vore med på å omskulera «Olis» frå spiss til midtstoppar, som del av trenarapparatet saman med Hassan El Fakiri og Ørjan Håland, og har spelt side om side med den talentfulle ungdomen i 3. divisjon.

– Han er ein solid type som klarte seg bra då han tok steget opp til Åsane, og som allereie utmerker seg på øvste nivå. At han har fått tillit, og har prestert så bra, vil berre gjera han til ein endå betre spelar.

Kolskogen seier det var naturleg å velja Os.

– Det er den einaste breiddeklubben eg har spelt i, og det er kjekt å gi litt tilbake til klubben eg vaks opp i.

Han har ikkje vore bortskjemt med å sjå mange osingar på den kraftig, korona-innsnevra tribunen til no i sesongen. I går fekk han besøk av både Brenne og Jan Frode Skeie.

– Det var veldig kjekt å sjå dei igjen, og å møta dei her på Stadion, seier Olis, som no førebur seg til heimekamp mot Sandefjord søndag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.