Kultur | 19. juni 2011

- Gav meg inspirasjonen

Video: Kulturskulen fekk han til å halde lysten på å spela. Sundag fekk han Draumestipendet.

- Gav meg inspirasjonen
Andris Hamresundag 19. juni 2011 20:27

Sondre Engesæth mottok sundag draumestipendet på 10.000 kroner for sin dugleik på piano.

Sjå Sondre spele takkekonsert.

Draumestipendet blir kvart år delt ut av Norsk Tipping og Norsk kulturskuleråd. Det delast ut 100 stipend à 10.000 kroner.

Kvar kommune nominerar sine kandidatar til draumestipendet kvart år. Sondre Engesæth var årets kandidat frå Os. I tillegg må han sjølv grunngje kvifor han skulle vera ein kandidat.

- Eg har ein draum om å leva av musikken og formidle gjennom den, skreiv mellomanna Sondre i sin søknad.

Gav motivasjon

Kultursjef Lisbeth Axelsen spurte prismottakaren kva kulturskulen hadde betydd for karriera hans.

- Det var der eg fekk inspirasjonen til å halde fram når det gjekk litt tungt, fortalte det unge musikktalentet.

- Det var kanskje ikkje det kulaste for ein ung gut å spele fiolin (som han gjorde på kulturskulen, journ.anm), men lærarane var flinke til å inspirere meg til å halde fram vidare.

Sondre Engesæth er i dag elev ved Kongshaug musikkgymnas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.