Sport | 12. jan. 2009

Gav nesten vekk sigeren

Invill Hefte blei toppskårar i bortedrama mot Askøy.

Gav nesten vekk sigeren
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 12. jan. 2009 20:12

Måndagens kamp mot Askøy var ifølgje trenaren prega av varierande innsatsvilje og restar etter ferie. Hilde Kristine Røttingen var sjuk, men spelte og klarte seg bra. Andre kom rett frå Syden.

- Vi opna bra, var aggressive i forsvar og kjørte fint kontraspel. Vi leia tidleg 7-2, og hadde også flest mål til pause, fortel Kenneth.

Men i staden for å gira opp skal Os-damene ha lagt seg nedpå. Askøy tok leiinga igjen og gjekk forbi.

- 35 sekund før slutt var det uavgjort, og vi tok timeout. 15 sekund før slutt skåra vi, og 5 sekund før slutt fekk Askøy frikast. Vi leia med eitt mål, men tok oppstilling med berre fire utespelarar, mot god toppskårar frå Askøy. Så bomma dei, fortel Husebø om sluttdramaet.

Os vann 31-30 og tok to viktige poeng før bortekamp mot Tertnes 2 torsdag.

Målskårarar:
Invill Hefte 8 (4 av dei på straffe), Elise Hjelle 6, Madeleine Hjertnes 5, Malin Hjelle Berentsen 4, Emilie Hjertnes 4, Hilde Kristine Røttingen 2.

- Madeleine var flink til å halda spelet i gong, og tok dei sjansane som var. Elise var veldig god i angrep, men kunne ha jobba betre bakover og Ingvill Hefte var svært effektiv i dag, oppsummerer trenaren.

- Held vi trykket oppe og unngår dårlege periodar så blir vi vanskelege å slå resten av sesongen. Men spelar vi så variabelt som i dag kan kva som helst skje, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.