Lokal | 22. des. 2017

Gav Røde Kors ei hjelpande hand

Kommunen utvida lånegarantien til Os Røde Kors Eiendom AS til 40 år.

Gav Røde Kors ei hjelpande hand
Røde Kors Eiendom AS fekk utvida den kommunale lånegarantien til 2047 (foto: KVB)
Andris Hamrefredag 22. des. 2017 08:45

Etter at ambulansestasjonen flytta frå Røde Kors sitt hus i Kolskogen til beredskapssenteret på Moberg har Røde Kors Eiendom slitt med å få endane til å møtast, då dei ikkje har lukkast med å leige ut lokala på nytt.

I 2007, i samband med bygginga, stilte Os kommunestyre ein kommunalgaranti for eit lån inntil 6 millionar kroner.

– Som kjent har både legevakten og ambulansestasjonen etter kvart flytta ut av desse lokala og over i nytt (kommunalt) bygg på Moberg (brannstasjonen). Os Røde Kors Eiendom AS har slitt med å finne nye leigetakarar til bygget og har likviditetsproblem som gjer det vanskeleg for dei å betjene lånet i KLP som står til rest med kr 3.000.000,-. Det har vore fleire møte mellom Os Røde Kors Eiendom AS og kommunen om saka, og dei har vurdert alternative løysingar som sal av bygget og bruksendring av lokala utan at dette har ført fram, heiter det i saksutgreinga.

– Eigentleg ei gladsak

Ordførar Marie Bruarøy (H) gjekk på talerstolen for å komma med ei lita retting i høve saksframlegget.

– Då vi hadde saka i formannskapet så hadde det sneke seg inn ein liten kommunikasjonssvikt mellom initiativtakar og kommunen. Eigentleg er dette ei gladsak. Vi får redusert dei garantiane vi har uteståande.

– I saka står det at dei søkte om å utvida garantien frå 20 til 30 år. Det Røde Kors Eiendom ønskjer er å utvida den til inntil 40 år, slik at den gjeld inntil 24. april 2047. Samstundes blir garantibeløpet redusert frå 6 til 2 millionar kroner.

– Dette vil gavne Røde Kors, som får mindre utgifter per år og kan bruke meir av midla ut til medlemmane og det arbeidet dei driv, poengterte Bruarøy.

Få misleghold

Eit samrøystes kommunestyret gjekk inn for å endra garantien, men Espen Aspenes lurte på om korleis det ligg ann med dei garantiane kommunen har gitt.

– Korleis er det med mislighold på garantiane våre og korleis følgjer vi opp og får inn rekneskap får dei det gjeld, slik at vi har kontroll. Det eg eigentleg lurer på er om det ligg nokre uforusette utgifter vi ikkje veit om.

– Vi får melding frå banken om det er låntakarar vi har gitt garanti som har problemer med å betala på låna sine. Difor purrer vi ikkje på garantitakarane siden vi har kommunikasjon med banken.

– Per i dag er det ein garanti vi veit vi har problem med. Difor gjorde vi ein rekneskapavsetning i 2016, slik at den er under kontroll.

– Vi var også kjent med at Os Røde Kors Eiendom har hatt problemer med å betjene lånet sitt no i tida etter at ambulansetenesten flytta ut. Det er difor denne saka kjem opp, svara økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.