Lokal | 20. des. 2017

Gav støtte til Djuvik

Helge Steinum (Ap) og Jon Sivert Rykkel (V) med støtte til Magne Duvik (Frp) då Os kommunestyre diskuterte reform-bråk i Fusa.

Gav støtte til Djuvik
Jon Sivert Rykkel (V) og Helge Steinum (Ap) gav begge si støtte til Magne Djuvik (Frp) (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 20. des. 2017 09:32

I kommunestyret tysdag fekk politikarane ei orientering frå ordførar Marie Bruarøy (H) om at ein i Fusa har bedt om eit ekstraordinært kommunestyremøte rett over nyttår for å velje nye representantar frå Fusa til Fellesnemnda. Saka kjem opp etter at Magne Djuvik, som sit i Fellesnemnda frå Fusa Frp, har stemt saman med Os-politikarane i nemnda.

– Nokre av oss har vore i tett dialog med representantar i fellesnemnda. Vi har råda dei til å i allefall vera sikre på lovverket før dei fremjer ei sak. Eg forventar at dei kontrollerar dette opp mot fylkesmannen, så får vi nesten berre venta og sjå kva som skjer, sa Bruarøy.

Skuffa over Fusa

Helge Steinum, som sit i nemnda for Os Ap, gjekk på talarstolen og gav støtte til Djuvik.

– Eg er eigentleg veldig skuffa over det som har skjedd i Fusa. Underteikna og Jon Sivert Rykkel har begge vore på gruppemøter med Fusa-delegasjonen og byrja og tenke Bjørnafjorden kommune. Det er viktig at vi alle har det same målet.

– Eg vil støtta måten Magne Djuvik har stått fram på. Han har kome med sine eigne meiningar om det han meiner er best for Bjørnafjorden kommune, poengterte Steinum som raskt fekk støtte frå Rykkel.

– Eg er samd med Steinum i høve det han seier om Djuvik, han har teke dette seriøst. På prinsippielt grunnlag tenkjer eg at ein må sjå på kva funksjon er det fellesnemnda skal ha. Det er kritikkverdig at dei vurderer å bytta ut eit av medlemma frå Fusa, berre fordi han representerer sitt parti. Det hadde vore veldig underleg om underteikna og Steinum skulle blitt diktert av eit fleirtal frå Os komunestyre og at vi hadde blitt tvungen til å gjennomføra Frp/H-politikk i fellesnemnda. Det vil vera mykje politikk som skal diskuterast i fellesnemnda framover.

– Skal representera Os

Leif Gunnar Heggland (Frp) var ikkje samd med dei to oposisjonspolitikarane i fellesnemnda.

– No skal ikkje eg foregripe handsaminga på hi side av fjorden, men fokusere på eigne kandidatar og våre eigne. Eg føler det er naturleg å komma med ei formaning til våre representantar i fellesnemnda. De er ikkje vald for å representera eit parti og heller ikkje nye Bjørnafjorden kommune, men å representera Os kommunestyre. De skal følgje Os kommunestyre sine intensjonar og representere Os sine interesser til det beste. Dei som ikkje gjer det står i fare for å bli bytta ut, har eg skjønt.

– Når vi har slått fast at fellesnemnda skal følgje kommunestyret blindt, så kan vi kanskje redusera fellesnemnda til to personar, nemleg ordførararane, kor den eine får dobbeltstemme.

Kva er rett størrelse

Utspelet til Heggland fekk Nils-Anders Nøttseter (MDG) til å ta opp eit tema som blei diskutert då kommunesamanslåinga blei vedteken.

– Om eg hugser rett har vi eit vedtak om at vi skal evaluera fellesnemnda med størrelse og samansetning. Er det rett og slett på tide å utvida fellesnemnda til å inkludera heile formannskapa i begge kommunane. Det er viktigare med ei brei forankring og involvering, enn å halde det på eit minimum av antal personar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.