Lokal | 02. apr. 2013

Gav trøkk på telefonen

Politikarane auka gebyret på vass- og avlaup med om lag 30 % frå 2012 til 2013. Det gav telefonstorm på kommunen då fakturaen kom.

Gav trøkk på telefonen
Drift- og vedlikehald av vassreinseanlegget på Nymark er av det gebyret skal dekkja (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 02. apr. 2013 14:26

I fjor haust handsama dei lokale politikarane, ikkje utan forvirring og diskusjonar, forskriftene for vass- og avlaupsgebyret i Os kommune.

I førre månad sendte kommunen ut første del av gebyrinnkrevinga til innbyggjerane, noko som gav eit godt trøkk på telefonen på kommunalteknisk eining.

- Eg har inntrykk av at det er sjølve auka dei fleste reagerar på, ikkje det at gebyret no er delt i abonnementsdel og forbruksdel, fortel driftssjef Marianne Kramer.

Det det kostar

Vatn- og avlausgebyret er eit sokalla sjølvkostområdet og skal gå til å dekkja drift, vedlikehald og utbygging av infrastrukturen på vatn- og avlaupsnettet i kommunen.

– Auka er ikkje eit forsøk på å dekkja andre kommunale oppgåver, men er den prisen det kostar å drifta og utvikla området, forklarar Kramer.

Tidlegare har gebyret blitt satt ned, då utgiftene på området har vore lågare. Det auka gebyret skal mellom anna vera med på å dekkje kostnadane med bygginga av OHARA.

Splitta gebyr

Ei ny ordning som kom som følgje av den nye forskrifta er at du no betalar eit fast abonnementsgebyr (1885 kroner for ein bustad eller fritidsbustad) og eit stipulert forbruksgebyr basert på bruksarealet på bustaden din.

– Politikarane vedtok tre satsar basert på bruksarealet.

– Ein kan òg velgja å installera vassmålar og i staden betale for det faktiske forbruket.

– Er det mange som har sagt dei vil gjera dette?

- Enkelte som ringer inn har sagt at dei vurderer det sidan dei berre er ein eller to i husstanden.

– Kva som er mest lønsamt blir opp til kvar enkelt å vurdera, seier Kramer.

Her er satsane

Vatn- og avlaupsgebyret blir betalt i to like terminar, éin på våren og éin på hausten. Her er satsane for bustadar og fritidsbustadar.

– På fakturaen står det kva grunnlaget er, altså årskostnaden, og kva som er terminbeløpet forklarar Kramer.

Abonnementsgebyret:
Bustadhus, fritidsbustader og andre eigedommer (per abonnement): 1885,-

Forbruksgebyret:
Målt med vassmålar, pris per kubikkmeter: kr 13,39

Vanleg bustadhus (inkl hybelhusvære):
0 til 110 kvm (stipulert forbruk 60 m3): kr 803,-
111 til 175 kvm (stipulert forbruk 120 m3): kr 1 607,-
frå 176 kvm (stipulert forbruk 200 m3): kr 2 678,-

Fritidsbustader:
0 til 110 kvm (stipulert forbruk 42 m3): kr 562,-
111 til 175 kvm (stipulert forbruk 84 m3): kr 1 125,-
frå 176 kvm (stipulert forbruk 140 m3): kr kr 1 875,-

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.