Sport | 18. apr. 2011

Gav vekk gullet

Tre frå Os med i nordisk meisterskap: Erlend og Henrik kom heim med sølv frå lagkamp.

Gav vekk gullet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. apr. 2011 06:23

Henrik Reed-Larsen og brørne Åsmund og Erlend Slettevold var del av den 26 mann store norske troppen som i helga deltok i nordisk meisterkap i karate i finske Tampere.

Dette var deira første deltaking i nordisk meisterskap.

Noreg tok rekordmange medaljar, 6 gull, 5 sølv og 8 bronse. Den eine gullmedaljen kom i lagkamp, men den ville ikkje det norske laget ha.

– Vi tapte finalen for Lavia, men dei blei diska fordi dei hadde to 17-åringar med på laget. Vi ville ikkje ta imot gullet så vi gav det vekk, seier Erlend Slettevold.

Osingane fekk ikkje medalje individuelt, men begge dei to frå Os som var gamle nok til å delta i lagkamp blei tatt ut til det fem mann sterke laget som representerte Noreg.

Avgjerande siger

I lagkamp går fem utøvarar frå kvar nasjon mot kvarandre etter tur. Det laget som har flest sigrar vinn.

– Eg gjekk som ankermann i semifinalen mot ein tung, sterk og stor utøvar frå vertsnasjonen. Kvart lag hadde to sigrar så eg måtte vinna, fortel Erlend.

Det gjorde han, 2-0 var godt nok til finaleplass for Noreg.

– Finalen blei jamn, men vi tapte dei første kampane. Henrik gjekk bra som førstemann, men også han tapte, så eg fekk ikkje gått.

Vann éin individuelt

Henrik Reed-Larsen, som går senior -84 kg, gjekk 0-0 etter full tid i første kamp. Etter to åtvaringar blei det poeng til motstandaren og tap på Henrik.

Det avgjerande poenget fekk motstandaren torutøvarar med som var for ungei Finland.

Åsmund, som går i den tyngste juniorklassen (-76 kg) møtte den same dansken som han slo både i EM-finalen og i finalen i Stockholm Open i november i fjor. Denne gong vann dansken.

Erlend, som går i senior -75 kg, vann første kamp mot ein frå Island, men i neste runde tapte han for vinnaren av klassen. Dermed blei det kamp om bronse, men der blei det 0-2-tap.

Dette var sesongavslutting for landslagsutøvarane frå Os.

Samleside:
Les fleire karate-saker

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.