Kultur | 20. feb. 2014

To generasjonar kunstnarar

To kunstnarar frå Skien kjem til Vedholmen Galleri; bildekunstnar Augon Johnsen og glas-formgjevar Tuva Gonsholt.

To generasjonar kunstnarar
Bilde frå den nymonterte utstillinga på Vedholmen Galleri. 
Kari M. Lyssandtorsdag 20. feb. 2014 11:40

- Det er veldig kjekt å kunne ønskja velkomen til ei utstilling med to generasjonar dyktige Skien-kunstnarar, seier galleriinnehavar Vibeke Harild.

Maleria til bildekunstnar Augon Johnson har ein tydeleg og personlig stil, og maleria til denne utstillinga er eit resultat av ekspressive maleprosessar.

- Ein ser mange års erfaring innan grafikk og illustrasjon i Augon sitt profesjonelle fargebruk og metode.

Les òg: Augons første i akryl (intervju frå 2011)

Inspirert av insekt

Dei to siste åra har Tuva Gonsholt stilt ut kunstverka sine i fem forskjellige land og jobbar i desse dagar med ei utstilling til Luxenburg.

Inspirasjonen hennar kjem frå insekt og andre merkelege vesen. Ho lånar fargar, fasongar og mønstre frå mellom anna sommarfuglar, fisk og biller, og gjer det over til sitt eige formspråk.

- Tuva arbeider hovudsakleg med glasobjekt og lager former som er uttrykksfulle, dynamisk og spenstig, men òg mjuk, elegant og feminin.

- Dette er fyrste gong desse to kjem til galleriet vårt og vi gler oss stort til å få vist fram kunsten deira, avsluttar Harild.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.