Generasjonstreff i Øyane
VIDEO: "Det trengs ei heil bygd for å oppdra eit barn" var tanken bak då elevane ved Søre Øyane barneskule inviterte til generasjonstreff.
Det var mange spente born på Søre Øyane barneskule som hadde invitert til treff tysdag.
Besteforeldre, oldeforeldre og andre pensjonistar i krinsen var gjestar.
Seinka terskelen
Rektor på skulen, Elin Skaatun, er veldig nøgd med oppmøtet blant dei vaksne.
- Vi har rundt 75 gjestar her i dag og det er kjempebra!
- Vi vil få dei eldre på banen, dei har så utruleg mykje å læra dei yngre.
Skaatun ser på generasjonane over som gode ressursar og håper at terskelen for å koma tilbake til skulen blir lågare når dei no har vore der éin gong.
- Og så er det veldig kjekt å få visa fram skulen vår og litt av det vi driv på med her.
Alle blei med
Elevane i 5. klasse var vertskap og tok godt vare på gjestane. Dei blei møtt i døra og jakkar blei hengt opp før gjestane blei vist til plassen sin.
1. - 5. klasse hadde underhaldning med både song og blokkfløyte, men også gjestane måtte bli med og røra på seg.
6. klasse hadde laga suppe og brød medan 7. klassingane sto for serveringa.
Etter maten blei det omvising på skulen og trivselsleiarane fekk vist aktiviteter dei gjer ute. Det endte opp med at fleire av besteforeldra kasta seg inn i leiken.
Treffet blei avslutta med Øyasongen.
- Fantastisk kjekt!
Inga Beate Bruarøy, bestemor til fire elevar på skulen, var veldig imponert over kva skulen hadde selt i stand.
- Det er heilt fantastisk, alle ungane er så flinke og eg er imponert over lærarane som klarer å få med seg elevane på sånt som dette.
Skaatun er ikkje mindre nøgd med elevane sine.
- Vi har vore spente på korleis det skulle gå med 115 ungar i aktivitet, men det har gått veldig fint og det har vore god stemning.
- Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at vi har generasjonstreff igjen til neste år.