Lokal | 22. jan. 2014

– Genialt enkelt!

Slik oppsummerer Fredrik Seliussen stads- og moglegheitsanalysen for Osøyro. Torsdag inviterer kommunen til folkemøte.

– Genialt enkelt!
Prosjektleiar for "Liv på Øyro", Fredrik Seliussen, orienterer om stads- og moglegheitsanalysen på folkemøte torsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 22. jan. 2014 09:40

Fredrik Seliussen tok for fem månader sidan over som utviklingsdirektør for Lyseparken og prosjektleiar for "Liv på Øyro". I førre veke presenterte Asplan Viak stads- og moglegheitsanalysen for Osøyro for administrasjonen, sentrumsforeninga og eit utvida formannskap.

– Analysen er genialt enkel.

– Den legg opp til forholdsvis enkle, men store grep, oppsummerer Seliussen der han står i Øyro som blir ein av hovudaksane i sentrum.

Kommunen vil konsentrera seg om Øyro og Torggata mellom rådhuset og Kvartalet i første omgang.

– Saman med eit parkeringshus vil dette gje moglegheiter til å utvikla utomhusområda som igjen gir moglegheit til bustadutvikling gjennom frikjøpsordningar.

Kor høgt kan ein bygga?

Då Fredrik Barth frå Asplan Viak presenterte planen var han tydeleg på at Osøyro tåler høgre hus enn det som er i dag.

– Det er heilt naudsynt av hensyn til å skapa økonomi i prosjekta. Kor høgt får ein jo koma tilbake til, seier Seliussen som reknar med å få innspel på det når folkemøtet blir helden i kommunestyresalen.

Innstilling 15. februar

Som prosjektleiar for "Liv på Øyro" skal Seliussen saman med prosjektgruppa gje ei innstilling om vegen vidare til formannskapet og kommunestyret.

– Møtet torsdag klokka 19 er eit viktig ledd i den kjeda.

– Stemmer våre oppfatningar med det osingane meiner? Er det ting vi ikkje har tenkt på?

– Eg gler meg til å få tilbakemeldingar som vi kan ta med oss vidare i arbeidet fram mot formannskapet 15. februar når saka skal behandlast.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.