Kultur | 18. juni 2009

Gest + Mange på Opus

Bergensrapparen Gest har med seg svenske Mange Schmidt til Opus torsdag kveld.

Gest + Mange på Opus
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. juni 2009 11:29

I kveld er det duka for ein svensk-bergensk heilaftan med hiphop på Opus. Bergensrappar og eks Spetakkel-medlem Gunnar "Gest" Greve Pettersen hadde konsert på Opus så seint som i påsken, med fullt hus og god stemning.

Når Gest no kjem tilbake har han med seg den svenske rapparen Mange Schmidt frå Stockholm. Dei siste åra har han vore ein av Sveriges mest populære artistar, og låtar som "Giftig" og "Inget att forlora" har no byrja å herja også på norsk radio.

- Vi gler oss til konserten og håpar osingane finn vegen på kort varsel. Vi garanterer ein livleg kveld, seier Gest til midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.