Lokal | 28. mars 2017

Gir høge bompengesatsar mindre trafikk?

Hordfast: Folkeaksjonen med ope foredrag av forskaren som meiner bilete av samfunnsnytta blir feil når vegvesenet ikkje vurderer effekten av bompengar.

Gir høge bompengesatsar mindre trafikk?
Morten Welde, forskar ved NTNU, kjem til Os for å halde foredrag tysdag ettermiddag (foto: International Transport Forum)
Andris Hamretysdag 28. mars 2017 13:41

– Statens vegvesen bør bli flinkare til å synleggjera dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av bompengefinansiering, konkluderer Morten Welde, med fleire, i rapporten «Finansiering av vegprosjekter med bompenger. Behandling av og konsekvenser av bompenger i samfunnsøkonomiske analyser (Concept-rapport nr 49)».

– Høge bompengesatsar vil redusera trafikken. Det påverkar sjølvsagt kor samfunnsnyttig det er å byggja til dømes Hordfast, sa Welde tidlegare i år til NRK.

Ope for alle

Tysdag klokka 18 held forskaren frå NTNU foredrag på Bjørnefjorden Gjestetun i samband med årsmøtet i Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden.

– Foredraget til Morten Welde er ope for alle. Årsmøtet er for medlemmar, heiter det i invitasjonen frå folkeaksjonen.

Har studert fire prosjekt

Welde har saman med Svein Bråthen frå Høgskulen i Molde og Jens Rekdal og Wei Zhang frå Møreforsking Molde AS gjort casestudier av dei fire sambanda Eiksundsambandet, Atlanterhavstunnelen, Hardangerbrua og Kløfta-Nybakk.

– Rapporten ser på korleis bompengar blir handsama i planlegging av og i samfunnsøkonomiske analyser av vegprosjekter. Vi søkjer å belysa den emiriske balansen mellom innkrevingskostnadar og avvisingstap ved bompengefinansiering på den eine sida, og kostnaden ved offentleg finansiering på den andre, i fire utvalde prosjekt.

– Studien finn at bruken av bompenger ikkje er satt ut frå omsynet til ein slik balanse. Effekten av bompenger er i liten eller ingen grad inkludert i analysene av prosjekt som blir inkludert i Nasjonal transportplan. Som vi viser i dei fire caseprosjekta, kan dette føre til at netto nytte blir framstilt uriktig, heiter det i samandraget til rapporten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.