Lokal | 31. mai 2017

Gir kommunen fullt medhald

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane avviser klagen frå Fylkesmannen i Hordaland og gjev Os kommune full tilslutning i fornying av oppdrettsanlegg på Skavhella.

Gir kommunen fullt medhald
Bolaks AS får løyve til å bygga opp att eit nytt og utbetra oppdrettsanlegg på Skavhella ved Hatvik (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 31. mai 2017 16:14

Os kommune gav 3. august 2016 klarsignal for at Bolaks AS skulle få fornya og flytta litt på det eksisterande oppdrettsanlegget på Kavhella utanfor Hatvika.

Dette klaga Fylkesmannen i Hordaland på, og saka blei handsama på nytt i Plan- og bygningsutvalet i januar 2017, kor kommunen opprettheldt sitt vedtak om å gje dispensasjon frå kommunen si arealplan.

Les òg: Kranglar om oppdrettsanlegg

Saka blei så sendt til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som settefylkesmann.

– Tek ikkje klagen til følgje

Fredag i førre veke kom svaret frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, kor han gjev kommune full støtte i vedtaket sitt.

«Fylkesmannen tar ikkje klagen til følgje. Med heimel i forvaltningslova § 34, jf. plan- og bygningslova §§ 19-2, jf. 1-9, gjev vi dispensasjon for plassering av fortøyingar for akvakulturanlegg innanfor FFNF-område ved Skavhella, jf. søknad av 26.01.2016 og dispensasjonsvedtak frå Os kommune 08.11.2016, ref. 13/3210-15.», heiter det i vedtaket frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Vedtaket kan ikkje påklagast.

Treng ikkje dispensasjon

I si vurdering kjem Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inn på både krav om dispensasjon, det at tiltaket kjem ut i fleirbruksområde (FB) og i eit område sett av til fiske-, ferdsels-, natur og friluftsområde (FFNF).

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane seier i si vurdering at dei meiner kommuneplanen opnar for akvakultur i fleirbruksområde, og at flyttinga av anlegget ut i FB-området ikkje krev dispensasjon frå arealføremålet i planen.

Treng dispensasjon

Når det gjeld fortøyningar som kjem i FFNF-området meiner Fylkemannen i Sogn og Fjordane at dette krev dispenasasjon, slik som Os kommune har gjeve.

– Når det gjeld fortøyingane i FFNF-området, har vi ovanfor kome til at desse krev dispensasjon frå arealføremålet. Dispensasjonsvurderinga gjeld difor berre for fortøyingane, og dei fordelane og ulempene desse inneber. Spørsmålet er dermed om fortøyingane fører til at fiske-, ferdsels-, frilufts- eller naturomsyna bak FFFN-formålet, vert sett vesentleg til side. I så fall vil vilkåra for å dispensere ikkje vere oppfylte, og søknaden må avslåast. For å dispensere må fordelane ved tiltaket i tillegg vere klart større enn ulempene, jf. plan- og bygningslova § 19-2.

– Vi har vurdert kva verknad fortøyingane ifølgje saka får for dei ålmenne interessene i området. Dei to nye fortøyingane som vert nødvendige med eit utvida anlegg, strekkjer seg over eit område som går frå den ytste delen av anlegget, i sørvestleg retning inn mot land. Såleis vil det området dei nye fortøyingane vil ligge i, omfatte eit areal som ut frå illustrasjonane ser ut til å dekke eit område på om lag 200 x 800-1000 meter, altså eit omfattande areal. Likevel vil ikkje tiltaket medføre bandlegging i vassoverflata på same måte som sjølve akvakulturanlegget, heiter det i brevet kor det blir vist til utgreiingar gjort av Rådgivande Biologar når det gjeld fiskeriinteresser og vurderingar av friluftsinteressene i området gjort av Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland Fylke i 2008.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane konkluderar med at fordelane ved å tillate fortøying i FFNF-området er klart større en ulempene ved å fravike kommuneplanen.

– Klagen har dermed ikkje ført fram, og vi stadfestar kommunen sitt dispensasjonsvedtak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.