Gir nyutdanna sjansen
Os kommune med trainee-stilling i rådmannen si stab. – Det er ein god måte å få tak i gode ressursar, seier Paul J. Manger.
Som einaste kommune i Hordaland er Os kommune med på å tilby nyutdanna trainee-stilling gjennom Bergen Næringsråd sitt prosjekt TraineeVest.
– Vi har jo hatt lærlingar i fleire fag i mange år. Det har vi framleis, men vi har ikkje hatt dette tilbodet til dei som er ferdige med utdanninga si og skal ut i arbeidslivet for første gang før, fortel assisterande rådmann Paul J. Manger i Os kommune.
Skal vera framoverlent
TraineeVest er eit prosjekt som har gått sidan 2008 og allereie for to år sidan meldte Os kommune seg på.
– Det blei litt stillstans i prosjektet den gong, men no har Bergen Næringsråd, som vi er medlem av, tatt over og dei kom til oss og lurte på om vi framleis var interessert.
– Sjølvsagt var vi det. Vi skal vera ein framoverlent organisasjon og dette er ein god måte å introdusere dyktige kandidatar for ein spennande organisasjon og ein spennande karrieremoglegheit. I tillegg har det jo noko å seie for omdømmet vårt. Vi skal vera ei kommune som gir moglegheiter.
Breitt nedslagsfelt
I rådmannen sin stab ligg oppgåver som økonomi, personal, kommunikasjon og digitalisering, IKT, Internkontroll og dokumenthandtering.
– Med bakgrunn i den organisasjonen vi er, så rettar vi oss mot ei rekkje ulike utdanningsløp med denne trainee-stillinga. Kandidatane kan koma frå ulike utdanningsinstitusjonar og fagområder.
– Det er jo todelt dette. På den eine sida vil kandidaten få tilfredsstilt sine ønsker om å testa ut offentleg forvaltning og ein kommunal organisasjon. På den andre siden får vi fylt på der vi treng kompetanse og ressursar. Ta tildømes kommunereforma, kor ein trainee kan få jobba innan fagområda som personal, kommunikasjon og ikkje minst digitalisering.
Fagleg nettverk
Trainee-stillinga er eitt åring, frå august til august.
– Den som blir tilsett blir det på heilt vanlege vilkår, og har dei same rettane og pliktene som dei andre i organisasjonen. I tillegg blir vedkommande ein del av programmet til TraineeVest og får eit fellesskap med dei andre traineeane og kan på den måten byggja seg både eit fagleg og eit sosialt nettverk. Totalt er det 12 organisasjoner med i prosjektet i denne omgang.
– Eg håper jo at den vi tilset finn Os kommune så spennande og interessant at vedkommande har lyst til å helda fram og gjera ei karriere i kommunal forvaltning også etter at trainee-perioden er over.
– Vi var på eit orienteringsmøte onsdag kor vi fekk høyre om erfaringane frå dei andre organisasjonen. Til dømes er BKK ein organisasjon som har ein utstrakt bruk av trainee-stillingar. Det var særs interessant å høyra deira erfaringar og opplevingar.
Får nye impulsar
Manger gler seg til den vidare prosessen, kor kommunen etter at søknadsfristen har gått ut, vil få presentert kandidatar som matchar dei ønskja og spesifikasjonane kommunen har satt.
– Vi vil så plukka ut dei ti-tolv kandidatane vi føler er mest aktuelle. Dei vil så bli intervjua av TraineeVest. Frå dei vil vi få ein rapport kor vi igjen velgjer dei fem som vi vil ta med vidare. I begynnelsen av mai skal vi ha ein rekrutteringsdag kor vi presenterer oss og intervjuer dei fem kandidatane. Forhåpentlegvis endar det med at vi gjer tilbod til ein av dei, forklarar Manger.
– Kva vil det bety for organsiasjonen å få inn ein ny medarbeidar rett frå skulebenken?
– Det vil vera kjempespennande. Eg er sikker på at vi vil få ein kandidat full av entusiasme og pågangsmot. I tillegg vil vedkommande ha noko nytt med seg, fersk fagleg kunnskap og eit syn som kanskje kan utfordra oss som har vore i forvaltninga i mange år, avsluttar Paul J. Manger.