Sport | 27. juni 2016

Gira på revansje i semifinalen

Nore Neset jenter 13 har knapt sleppt inn mål i Sør Cup, bortsett frå mot Klepp, som dei møter til kamp om finaleplass tysdag morgon. (Oppdatert med semi-resultat)

Gira på revansje i semifinalen
Nore Neset har vunne 4 av 5 kampar og er klare for semifinale tysdag morgon. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 27. juni 2016 19:38

Bildeserie:

Norenesingar med og utan fletter følger nøye med på kampane.
Norenesingar med og utan fletter følger nøye med på kampane.
I semifinalen står Klepp på motsett banehalvdel.
I semifinalen står Klepp på motsett banehalvdel.
Foreldre og søsken skaper god stemning frå sidelinja.
Foreldre og søsken skaper god stemning frå sidelinja.
1 av 3
Norenesingar med og utan fletter følger nøye med på kampane.
I semifinalen står Klepp på motsett banehalvdel.
Foreldre og søsken skaper god stemning frå sidelinja.

I førre veke fortalte vi om superjentene til Nore Neset, som vann vårsesongen i 1. divisjon med det eine laget og var tre poeng frå opprykk frå 2. divisjon med det andre.

I helga er dei i Kristiansand med eitt lag, der 17 spelarar er på banen i kvar sin omgang (niarfotball).

– Vi hadde ei som blei sjuk før avreise, så då spurde vi jentene om det var greit at den eine keeperen vår sto heile kampen mens dei andre tok kvar sin omgang. Det har fungert veldig bra, seier Morten Døsen, ein av jentene sine trenarar.

I innleiande rundar slo dei dei Madla 2-0 og Våg 3-2. Mot Klepp blei det 2-3-tap.

– Jentene låg under 2-0, men i 19. minutt gira dei opp og etter pause køyrde vi over dei. Dessverre fekk Klepp eit mål på tampen, så då hamna vi på 2. plass i pulja.

Vann kvartfinalen i ettermiddag

I sluttspelet blei det 2-0 (det står 2-1 i resultatlista, noko som ifølgje Døsen er feil) over Bærum og heile 4-1 over Viking.

– Viking har gjort det langt skarpare i Rogaland-serien enn Klepp. Det er mogleg at dei undervurderte oss, men vi undervurderer ingen. Eg er imponert over den enorme arbeidsviljen jentene har vist i sluttspelet.

Trenarane hadde lovd jentene pizza om dei vann. No har alle fått god kvelds og er klare for å stå opp i 7-tida for å spela semifinale tysdag klokka 08.55.

– Dei er spente, men veldig klare for revansje over Klepp. Vi har nokre få skadar i troppen, men bortsett frå dei som ikkje kan spela viker vi ikkje frå avtalen om minst éin omgang speletid til kvar.

Uansett utfall tysdag blir det kamp onsdag, både bronsefinalen og finalen går klokka 8 om morgonen. Med siger over Klepp blir det finale på Sør Arena.

OPPDATERT: Jentene er finaleklare etter 3-2-siger over Klepp!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.