Sport | 30. mars 2019

Gitte har fått ny trenarjobb

Blir Os sin motstandar i ein klubb som har klatra kraftig i både divisjon og medlemstal.

Gitte har fått ny trenarjobb
Gitte, her etter at Os berga plassen i fjor. Så forsvann 5-6 spelarar og Os rykte i år ned til 3. divisjon. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 30. mars 2019 09:16

I førre veke blei det klart at Gitte Torp gir seg i Os Turnforening si handballgruppe etter 13 år med innsats for idrettslaget.

I går takka ho ja til ein av tre klubbar som viste interesse.

– Askøy har vore gjennom ei rivande utvikling dei siste åra, både som klubb og med sportslege resultat. Eg gler meg veldig til å byrja i jobben, seier Gitte til Midtsiden.

Askøy mista plassen sin i 3. divisjon for 5-6 år sidan. Så tok dei grep.

Oppretta sportsleg utval

– Vi starta på nytt i 7. divisjon og har rykka opp kvart år sidan. Samtidig har vi opplevd enorm rekruttering, og har vakse frå 341 til 732 medlemmar, fortel Hilde Daae Johannessen.

Hilde er leiar for sportsleg utval, eit utval som kom på plass før omstarten i 7. divisjon, og som både sette i sving ei rekkje rekrutteringstiltak, samtidig som det blei danna ein raud tråd frå dei yngste til ungdomen, og frå ungdomen til senior.

– Den gong hadde vi ei handfull spelarar til seniorlaget vårt, no ligg vi an til å melda på seks seniorlag, eg det veks stadig opp nye, flinke ungdomar.

Gitte ser på Askøy som ein av dei beste, kanskje den beste, handballklubben i Noreg.

– Dei blir brukt som prakteksempel over i heile Handball-Noreg. Eg har veldig sans for måten dei driv på.

Ettertrakta trenar

Hilde og Askøy kjenner til Gitte via tilbakemeldingar frå Askøy sine trenarar. Gitte har nemleg jobba for Hordaland handballkret med utdanning av instruktørar.

– Trenarane våre har kome med så utruleg mykje skryt av Gitte. Då ho no blei ledig er vi veldig glade for at ho ønskjer å pendla til Askøy.

Terje Johansen, som har trent damelaget frå 7. til 3. divisjon på kortast mogleg tid, held fram i sportleg utval, men fekk det for travelt på jobb til å trena damene vidare etter opprykket.

Askøy er blant Os sine motstandarar i 2019-2020-sesongen etter at Os rykte ned i sesongen som førebels ikkje er over. Os speler heime mot Nordstrand i dag.

– Det er vemodig å gå frå Os, og det blir spesielt å møta dei til kamp neste sesong, seier Gitte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.