Lokal | 08. okt. 2017

Gjekk frå hus til hus for å sjå inn vindauget

Politiet henta mann på Lekven.

Gjekk frå hus til hus for å sjå inn vindauget
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 08. okt. 2017 07:54

Laurdag morgon i 8.30-tida fekk politiet melding frå to ulike hus på Lekven om ein mann som gjekk og luska i nabolaget.

– Han hadde vore på terrassen til fleire hus og gjekk og såg inn vindauga, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Politiet rykte ut og fann mannen.

– Han framsto som svært rusa og blei køyrd til rusakutten.

Mannen, som er i 20-åra, skal ikkje vera frå Os.

– Det er uvisst kva han gjorde i området, men vi har ikkje mistanke om at han hadde plan om å bryta seg inn eller liknande.

Frå svært hektisk til heilt roleg

Førre helg var det uvanleg mange ungdomar og unge vaksne ute i Os sentrum, ifølgje politiet.

– Fleire av ungdomane var nye for oss, fleire hadde symptom på at dei hadde brukt narkotika, med store pupillar og mykje tyggande kjevar, som kan vera symptom på bruk av amfetamin og liknande, fortalde politioverbetjen Audun Hadler-Olsen etter helga.

– Vi blei opptatt med å kontrollera fleire av desse, derfor var det fleire meldingar vi ikkje rakk å rykka ut på, sjølv om vi òg hadde fått patrulje opp frå Bergen.

Denne helga har vore langt rolegare.

Natt til søndag, frå klokka 1 til 2, hadde dei ein promillekontroll i Mobergsbakken.

Alle dei 20 kontrollerte var edru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.