Lokal | 27. okt. 2012
Gjekk i vranglås
Politiet måtte knuse rute for å berge ungguttar.
Andris Hamrelaurdag 27. okt. 2012 08:39
I halv ellevetiden fredag kveld fekk politiet melding om at to mindreårige gutter hadde blitt låst inne på toalettet på Halhjem fergekai.
- Døra hadde gått i vranglås, og var umogleg å få opp, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Politiet kontakta vegtrafikksentralen som var einige om at det berre fantes ein løysing på problemet.
- Vi måtte knuse ei rute for å få guttane ut.
- Samstundes blei ferga holdt igjen slik at dei kom seg med siste båten, avsluttar Halder-Olsen.