Gjekk langt over grensa
Ein mann frå Os svindla NAV for langt over grensa mellom samfunnsstraff og fengsel.
Frå juni 2011 til september 2012 fekk han utbetalt 171.328 kroner for mykje frå NAV fordi han gav feil informasjon på meldekort.
I perioden jobba han 2475 timar hos sin arbeidsgjevar, men meldte berre frå om 37,5 av desse timane.
Sikta, ein mann frå Os i slutten av 20-åra, var også sikta for å oppgje falsk forklaring. Han møtte i retten og tilsto.
Strafferamma for grovt bedrageri er seks år. Påtale ba om 60 dagar fengsel.
Høgsterett har slått fast at folketrygda sitt grunnbeløp skal vera vegleiande for grensa mellom samfunnsstraff og fengsel ved førstegangsbedrageri. Per mai 2012 var grunnbeløpet 80.122 kroner.
Sjølv om beløpet det i denne saka er snakk om er meir enn dobbelt så høgt, blei det i straffeutmålinga lagt vekt på at det har tatt noko tid å få denne saka opp.
Sikta blei dømt til 45 dagar fengsel utan vilkår.