Sport | 10. okt. 2016

Gjekk opp ein klasse - slo motstandaren i golvet

Mathias Noel (16) frå Os vann B-30 Cup i Trondheim.

Gjekk opp ein klasse - slo motstandaren i golvet
Mathias Noel etter finalesigeren i Trondheim søndag. I dag reiser han til Lithauen på treningsleir. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. okt. 2016 06:04

I mars fortalte vi om det nye kampsporttalentet i Os, Mathias Noel, som nyleg hadde vunne Askim Cup.

– Det har berre vore nokre treningskampar sidan den gong, til eg no i helga var i Trondheim, fortel Mathias.

Den sterke 16-åringen veg beint 70 kilo. Han fekk ingen motstandarar i sin eigen vektklasse og måtte gå opp eit nivå i Bokseklubben av 1930 (B-30) sitt stemne.

– Dette var min første kamp i den vektklassen. Eg merka forskjellen, dei toler meir når dei veg 75 kilo.

Vann 2-1

Trass tyngre motstand klarte Mathias å slå motstandaren i golvet.

– Eg tok han på ein rett venstre då han var på veg inn. Han var lite varsam gjennom heile kampen, så det fungerte bra for meg å gå kontrollert og roleg.

Mathias vann 2-1.

Til Lithauen på treningsleir

Etter finalesigeren søndag reiser Mathias i dag til Lithauen på treningsleir.

– Vi er fire boksarar frå klubben min som reiser bortover. Etter haustferien er det to veker på skulen før eg skal bort igjen på stemne.

Mathias går toppidrett ved Stend vgs og er spent på den komande veka og dei seinare kampane i Lithauen.

– Til stemnet kjem boksarar frå både Russland, Polen og Estland, det blir nok tøft, seier den ferske B-30-vinnaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.