Sport | 05. mars 2018

Gjekk side om side med svensk skistjerne

Gjekk ifrå VM-vinnar i 2015: Gunnar K. Bøthun kom i går på 107. plass av 15.800 deltakarar i Vasaloppet.

Gjekk side om side med svensk skistjerne
Gunnar Klementsen Bøthun etter gårsdagens Vasaloppet. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. mars 2018 08:06

Tidlegare Ironman- og Norseman-deltakar Gunnar Klementsen Bøthun frå Os gjekk i går Vasaloppet for niande gong.

Han enda på 107. plass av 15.800 deltakarar i det populære, svenske 90 kilometer lange turrennet.

– Det er mi nest beste plassering i løpet av desse åra frå debuten i 2010, fortel Gunnar.

• I 2015 kom han på 76. plass.

I 2015 var han 41 minutt bak vinnaren, i går var han 19 minutt bak vinnar Andreas Nygaard (04.24,36).

Det var 11.723 menn og 1.986 kvinner som fullførte årets renn.

Trener mindre, men ganske smart

I nokre lokale skirenn på Austlandet tidlegare i vinter har det ikkje gått like bra. Derfor er Gunnar ekstra nøgd i år.

– Eg har blitt far no, og det er andre prioriteringar og mindre tid til trening, seier Gunnar, heime på pappaperm med si eitt år gamle dotter.

– Då gjeld det å trena litt smartare, og så er det kjekt både å få delta i eitt og anna renn, og å sjå at det går an å halda formen sånn nokonlunde grei.

Gjekk ifrå verdsmeisteren frå 2015

Gunnar kom i år i mål på tida 04.43,55. Berre éi kvinne var raskare, den svenske vinnaren Lina Korsgren (04.41,50).

NRK sendte direkte frå Vasaloppet, og då dei viste teten på kvinnesida, og ho låg så jamt med Gunnar, blei det ein del TV-tid også på osingen.

– Har du nokre kjente namn rundt deg på resultatlista?

– Eg gjekk ei stund side om side med den svenske skistjerna Johan Olsson. Det synest eg var litt stort.

Olsson tok OL-gull på stafett både i 2010 og 2014, og vann VM-gull på 50 km klassisk i 2013. I 2015 blei det VM gull på 15 km og bronse på 5-mila (Petter Northug vann) i Falun.

Etter rundt tre mil gjekk Bøthun ifrå han. Olsson kom på 126. plass med tida 04.47,45.

– Han la opp i fjor og er nok litt ute av form. I tillegg er 90 km lengre enn kva han er vant med å gå. Sjølv har eg aldri vore rask, verken då eg spelte fotball og handball eller no. Men viss ting varer ei stund, så kan eg skåra bra.

• Vasaloppet (etter Gustav Vasa si flukt i 1521) er eit svensk turrenn i langrenn som går mellom Sälen og Mora i Dalarna.
• Lengde: 90 km.
• Rennet blei første gong arrangert i 1922.





Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.