Sverre Lunde Pedersen, her då han tok VM-gull i Inzell, gjekk for hardt ut i dagens verdscupavslutting. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Gjekk for siger - mista samanlagtgullet

Sverre Lunde Pedersen landa på 5. plass på 5000 meter i verdscupavsluttinga.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I februar vann han eit historisk gull på 5000-meteren i VM enkeltdistanse i Inzell, førre helg tok han sølv i VM allround etter siger på 1500 meter og 3. plass på både 500, 5000 og 10.000 meter i Calgary.

Denne helga er det verdscupavslutting i Salt Lake City.

Regjerande verdsmeister allround, Patrick Roest, skjerpa persen frå 6.08,27 til 6.03,70 og gjekk i føringa.

Marcel Bosker hamna på 2. plass med tida 6:08.904.

Alexander Rumyantsev, som låg eitt poeng bak Sverre i samandraget, gjekk i mål til ny personleg bestenotering. 6:10.785 heldt til 4. plass.

Sverre gjekk i siste par mot Patrick Beckert. Han fekk ein perfekt start, med fleire rundar på 28,7, men klarte ikkje halda farten oppe løpet ut.

Han slo Beckert, men 6.10,982 heldt berre til 5. plass. Dermed mista han også sigeren samanlagt. 

Sverre var 21 hundredelar frå å vinna verdscupen samanlagt, i staden blei det 3. plass framfor Roest, bak Rumyantsev og Bosker.

Søndag kveld går Sverre 1500 meter.

Fleire saker