Gjekk sterkt testløp
Måndag reiser Sverre Lunde Pedersen til OL i Sotsji. Formen er lovande viser testløp under samlinga i italienske Collalbo.
Sverre Lunde Pedersen og resten av det norske skeiselandslaget har førebudd seg til OL i Sotsji i den italienske høgden. Under helgas testløp i Collalbo viste ungguten frå Os at OL-formen er lovande.
På 3000 meteren banka han både den nederlandske europameisteren Jan Blokhuijsen og lagkamerat Håvard Bøkko.
– Det var veldig solid og klart mykje betre enn eit tilsvarande testløp i fjor.
– Måten han gjennomførde testløpa på , spesielt på 3000 var betryggande, seier far og landslagstrenar Jarle Pedersen til NTB.
På 1000 meter gjekk òg Lunde Pedersen eit godt løp.
– Då gjekk han nesten ikkje opp i rundetid, og det lovar godt før 1500 meteren i OL.
Lunde Pedersen satsar på 1500, 5000 og lagtempo under OL, men først blir det nokre dagar heime på Os før avreise i austerled.