Gjekk tom for drivstoff
Lastebil skapte kø på Søfteland etter å ha gått tom for drivstoff.Kvinne køyrd til legevakt etter uhell i Os sentrum.
Politiet var i 1315-tida måndag på Søfteland for å bistå ein utanlandsk lastebilsjåfør som hadde fått stopp i svingane sør for Søfteland skule.
- Det viste seg at han hadde gått tom for drivstoff.
- Patrulja var i nærleiken og tok seg av å dirigera trafikken medan sjåføren fekk ordna opp, fortel lensmann Rasmus Dalen.
Køyrd til legevakta
Litt over klokka åtte tysdag morgon rykte politiet ut til ein hendelse i Os sentrum.
- Ei eldre kvinne har truleg fått eitt illebefinnande medan ho køyrde bil og hatt eit uhell.
- Kvinna blei teken hand om av ambulansepersonell og køyrd til legevakta, seier Dalen.
Det skal ikkje ha vore fleire involvert i uhellet.