Gjekk vidare frå fylkesmønstringa!
Eitt av innslaga frå UKM Os og Fusa gjekk vidare til den riksdekkande festivalen i Sandnes.
20.990 ungdomar har i vinter deltatt på lokale kulturmønstringer, 825 av deltakarane i Hordaland gjekk vidare til fylkesmønstringa, som blei arrangert i helga.
I dag blei det kjent kven av dei som blir sendt vidare til den store, riksdekkande UKM-festivalen i Sandnes 21. til 25. juni, og blant dei er eitt av innslaga vi såg på scenen i Oseana i februar.
Valfaggruppa «When your wheels are gone» frå Fusa er vidare med låta «Wheels»!
Bandet består av Natasja Smørholm, Einar Andersen, Even Lygre, Frida Solheim, Jørgen Hovden, Lars Henning Fosse og Torbjørn Fosså - 9. og 10. klassingar frå Fusa kommune.
Skuffa og glad
Sjå video av UKM 2017 for Os og Fusa.
– Eg er litt skuffa for at ikkje Robin Hovden gjekk vidare med den sterke filmen sin, han gjerde verkeleg inntrykk i Bergen òg, seier Agnes Smørholm, som var med og arrangera UKM i Oseana.
– Men eg er naturlegvis glad på vegne av valfagbandet og den flinke læraren deira, Haavard Skaatun. Dei har ein fin fellesskap og får nok ein fantastisk tur til Sandnes i juni!
På UKM.no kan du sjå alle frå Hordaland som blei sendt vidare til festivalen i Sandnes.
Bandet Sleepwalkers frå Fusa fekk òg ei spesiell oppleving, då dei fekk fungera som statistar i ein film som er i produksjon, der ein scene skal forestilla eit band som vinn NM i rock. Sleepwalkers fekk i oppgåve å gå inn på scenen å jubla (ikkje i søvne, men lys vaken).
Desse ungdomane frå Os og Fusa deltok på fylkesmønstringa:
SCENEINNSLAG
1. Ameliorate (Lilly-Mae Grønvigh, Frida Solheim, Zofia Konieczka, Marie Steinum) med songen ”Sweater weather” – Os kommune
2. Renate Naustheller og Marius N. Kleppe med songen ”Smile” – Fusa kommune
3. Sence Crew (Mikael Vedholm Bjelkarøy, Joakim Myrdal) med ”Breakdance” – Os kommune
4. Sleepwalkers (Natasja Smørholm, Idar Rolland, Even Engevik Lygre, Marius Nilsen Kleppe, Andreas Nilsen Kleppe) med songen ”Leaves me hanging” – Fusa kommune
5. Susanna Kristensen med ”Trois gymnopedies” – Fusa kommune
6. When your wheels are gone (Natasja Smørholm, Einar Andersen, Even Lygre, Frida Solheim, Jørgen Hovden, Lars Henning Fosse, Torbjørn Fosså) med songen ”Wheels” – Fusa kommune
FILM
7. Robin Hovden med filmen ”Et helvete” – Fusa kommune
KUNST/UTSTILLING
8. Annika Svendal Os med kunstverkene ”Frida Kahlo” og ”Leia” – Os kommune
9. Zofia Konieczka med kunstverkene ”Richard Parker”, ”Tyler” og ”UKM 1982” - Fusa kommune
UNGE ARRANGØRER
10. Camilla Bergesen – Fusa kommune
NETTREDAKSJON
11. May-Helen Haukefer – Fusa kommune