Gjenbruk av Fjellheim - Ein vinn-vinn-situasjon

Lesarinnlegg: Oseana – det flotte, nye kulturhuset vårt, skulle løysa alle plassproblem for kultur- og lagslivet i Os. Som vi har sett, har ikkje Oseana kapasitet til det.

Fjellheim (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 20. sep. 2013 08:30

Framleis har store og små lag og store og små brukarar stort behov for ”ein plass å vera” i ei bygd som snart tel 20 000 innbyggjarar.

Til det treng vi Fjellheim – ikkje som konkurrent, men som eit supplement til Oseana.

Aksjonsgruppa ”Bevar Fjellheim” (BF) har arbeidd med denne saka i fleire år, og vi har vore i kontakt med ordførar og alle politiske parti i Os.

I løpet av denne tida har BF fått utarbeidd svar på alle dei spørsmål partia har stilt oss.

Det er viktig for oss å understreka at rapportane er utarbeidde av fagfolk!

1. Tilstandsrapport viser at Fjellheim er i forbausande god stand.
2. Oppgradering av bygget til normal bruk vil kunna skje ”over natta”.
3. Kostnadsramma er gledeleg låg.

Aksjonsgruppa har skissert følgjande løysingsmodell:

1. BF får disponera Fjellheim for 1 krone året i tre år.
2. BF tek på seg nødvendig opprusting.
3. BF i samarbeid med lagslivet tek på seg utleige og drift.
4. Opplegget blir evaluert etter tre år.

Etter denne modellen syter BF for sårt tiltrengt tumleplass for eit blomstrande lagsliv i ei blomstrande bygd.

Kommunen eig bygget, som framleis kan stå på finansieringsplanen til Oseana.

Os kommune slepp alle kostnader til drift og vedlikehald.

Fjellheim er ein viktig del av osingane sin kulturelle identitet. Huset er ein bauta i sentrumskjernen. Det er viktig at vi tek vare på huset før det er for seint!

4000(!) menneske har skrive under på oppropet om å bevara Fjellheim!

Finst det nokon visleg grunn til å gå imot eit opplegg der kommune, lagsliv og bygdefolk ALLE kjem ut som vinnarar?

For ”Bevar Fjellheim-aksjonen”
Anders Hauge

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.