Gjentar peparkake-suksessen
Os sentrum håper på mange flotte bygg når peparkakeutstilling opnar i slutten av november.
For tredje året på rad inviterer Os sentrum barnehagane i Os til å baka peparkakehus som kan stillast ut i ledige butikkvindauge i sentrum.
– Peparkakehusa har vore med på å gjera sentrum ekstra triveleg i førjulstida.
– Alle barnehagane i bygda er inviterte til å delta. Mange har allereie sagt at dei har lyst til å baka og koma med bidrag, fortel Katrine Brattfjell Heggland, styreleiar i Os sentrum.
Mykje flott
Heggland er imponert over bidraga dei tidlegare åra.
– Det har vore utruleg mange flotte bidrag dei siste åra. Eg håper sjølvsagt på det same i år, seier Katrine.
– Kva om det er andre enn barnehagane som har lyst til å baka?
– Om det er nokon som har veldig lyst, så er det nok ei opning for det.
Nye lys i sentrum
Opninga av peparkake-utstillinga blir fredag 29. november, samstundes med fakkelfredag og tenning av julegatene.
– Eg trur det kan bli ein triveleg ettermiddag i sentrum. Fakkeltoget går som vanleg frå Irisgården til torget.
– Nytt i år er at vi, i samarbeid med kommunen, har gått til innkjøp av nye lyslenker i sentrum.
– Dei skal òg tennast denne ettermiddagen, avsluttar styreleiaren.