Sport | 27. mars 2018

Gjer comeback med bakkeløp

«Mobergslia Opp» gjenoppstår når Os Turn Friidrett inviterer til bakkeløp like etter påske.

Gjer comeback med bakkeløp
Mobergslia Opp er tilbake med to løypelengder (ill: Os Turn Friidrett)
Andris Hamretirsdag 27. mars 2018 11:50

Det har vore fleire runder med bakkeløp opp den tøffe bakken frå Kuvågen til Mobergslia, sist ei periode frå 2009 og nokre år framover.

– Det blei ei periode kor vi ikkje hadde kapasitet til å arrangera det då det blei mykje med nytt friidrettsanlegg på Kuventræ og stemner der oppe. Men no er vi klare igjen og inviterer til Mobergslia opp torsdag 12. april, fortel Åge Gulbrandsøy i Os Turn Friidrett.

Følgjer konseptet frå tidlegare

Årets utgåve følgjer eit velprøvd konsept med to ulike løypelengder.

– Den lange løypa startar nede ved Kuvågen Friluftsområde og går opp til toppen av Mobergslia. Den løypa er på 1900 meter.

– Den korte løypa startar rett på oversida av E39 og går opp bakkane til toppen. Totalt er den på 1000 meter. Løpet er for alle som har lyst frå seks år og oppover. Det blir premiering i alle klassar, i tillegg til premiar som blir trekt på startnummer uavhengig av klasse, forklarar Gulbrandsøy.

Elektronisk tidtaking

Friidrettsgruppa har investert i nytt tidtakingsutstyr dei siste åra.

– Vi nyttar EQ-timing som systemet, også på dette løpet. Difor har vi sagt at folk må melde seg på via osturn.no eller direkte på eqtiming.no på førehand slik at dei blir lagt rett inn i systemet. Det blir i utgangspunktet ikkje påmelding ved start.

– Fordelen med dette systemet er at det då ligg ein chip i startnummeret som gjer at resultatet blir automatisk registrert og publisert på nettsida i det deltakarane passerer målstreken.

Første av tre løp

I tillegg til Mobergslio Opp har friidrettsgruppa fleire "folkeløp" på planen utover våre og sommaren.

– I fjor var første gang vi hadde Ulvenvatnet rundt. Det kjem vi til å ha i år også. Datoen der blir 5. mai, kor vi kombinerar løpet med friidrettens dag.

– Så har vi samarbeidet med Os sentrum om Osløpet i august. Der er det allereie aktivitet på gang, med fleire bedrifter som er i gang med å etablera stafettlag, avsluttar Gulbrandsøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.