Hamnesjef Gitle Smaadal og næringssjef Daniel Skotheim lanserte tysdag GoMarina som betalingsløysing i Os hamn (foto: Andris Hamre)

Gjer det enklare å betala i hamna

Os Gjestehamn lanserer GoMarina. – Det gjer det vesentleg enklare både for gjestane og oss.

image
Av: Andris Hamre

Allereie før pinse "sniklanserte" Os Gjestehamn betalingsappen GoMarina for båtfolket.

– Det tok faktisk ikkje meir enn to timar, så var den første betalinga gjort, og det utan at vi hadde fortalt nokon at vi no var tilgjengeleg på GoMarina. Gjesten hadde nok appen frå før og rekna nok berre med at også vi nytta denne appen, som er den leiande i Skandinavia for å handtere gjestehamner.

– I løpet av pinsen har den faktisk blitt nytta ein sju åtte ganger, fortel næringssjef Daniel Skotheim og hamnesjef Gitle Smaadal.

– Eg møtte ein 16. mai borte ved Oseana. Han klaga på at det var så langt å gå bort til betalingsautomaten, så då eg fortalde at han skulle sleppa det og i staden kunne nytta telefonen, så var det ein blid kar eg forlot, smiler Smaadal.

Gjeld både på land og til vatn

Betalingsløysinga gjeld både for overliggande båtar og gjester som kjem landevegen med bubil/caravan.

– Prisen er som før 150 kroner for å nytta dei tilrettelagte tilboda mellom klokka 24 og 08.

– Denne løysinga gjer det vesentleg enklare for gjestane. Dei treng ikkje forlata farkosten for å gjera opp for seg. Det gjer det også enklare for Gitle, som på webkameraene kan sjå kor mange båtar som ligg i hamna og gjennom administratorverktøyet i løysinga kan sjå om dei har gjort opp for seg, forklarar Skotheim.

Os gjestehamn omsatte i fjor for omlag 60.000 kroner.

Blir meir synleg

Betalingsordninga som fram til no har vore er ein automat ved pumpehuset i hamna.

– Denne var det mykje vedlikehald og nedetid på, så det er godt å no få ei meir stabil løysing på plass, men vi kjem til å la betalingsautomaten stå inntil vidare.

– GoMarina er ei løysing båtfolket kjenner godt, då den er nytta i veldig mange andre hamner. Samstundes så er det ei god marknadsføring for Os gjestehamn fordi vi kjem opp som eit alternativ i appen. Der kan gjestane også klikka seg vidare til osgjestehamn.no og sjå på webkamera kor mange andre som ligg her og korleis det ellers ser ut.

– I løpet av dagen oppdaterer vi soneskilta i hamna og i løpet av eit par veker vil det også komma opp GoMarina-skilt, slik at det blir lett for besøkande å sjå at vi nyttar denne løysinga.

5000 sidevisningar

Det er omlag fjorten dagar sidan dei lanserte den nye nettsida til osgjestehamn med fem webkamera, fire på land og eitt under vatn i Oselvo.

– Besøka på sida har vore veldig bra. Vi har hatt omlag 5000 sidevisningar i løpet av dei siste fjorden dagane. Trafikken fordeler seg ganske jamnt på dei ulike kamera.

– Varde, som driftar desse for oss held framleis på med litt fintuning av kameraet under vatn for å få dei optimale bileta. Det handlar litt om kva lag av ferskvatn, brakvatn og saltvatn dei ulike fiskeartane går i. Det er fasinerane å sjå kor mykje liv det faktisk er under Osbrua, avsluttar Skotheim.