Lokal | 21. okt. 2019

Gjer fleire undersøkingar etter store motortjuveri

Politiet vil undersøkja logg frå bompasseringar i Strøno.

Gjer fleire undersøkingar etter store motortjuveri
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. okt. 2019 08:17

Fredag fekk politiet melding om tjuveri av to påhengsmotorar, 100 hk og 150 hk Yamaha, frå Forstrønesundet.

Nypris på dei to motorane er over 250.000 kroner.

– Båtane låg i Lønnevågen, og det kan sjå ut som om dei som stal motorane hadde med seg både båt og bil, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Politiet var på synfaring og snakka med minst éin av båteigarane laurdag på dagtid.

– Båtane låg i marinaen i Lønnevågen i Nordstrøno, men blei lausna frå brygga og tatt inn i ei vik, der dei har lagt usjenert og lausna motorane frå båtane.

Bilen som er brukt har passert ein ulåst bom og brote opp ein annan bom.

Politiet vil blant anna sjekka logg på passering av den eine bommen. Samtidig har dei i helga patruljert fleire større hamner i Os.

– Vi oppmodar båteigarar både om å sikra lause gjenstandar, og å vurdera forebyggande tiltak, som lys og kamera. Også dei som leiger ut båtplass bør vurdera tryggleikstiltak. Det er store verdiar som står på spel, og saker som kan vera vanskelege å etterforska.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.