Lokal | 30. juni 2017

Gjer nye utbetringar på Lepsøyvegen

Statens Vegvesen i gang med å gjera ytterlegare utbetringar på FV 158 Lepsøyvegen.

Gjer nye utbetringar på Lepsøyvegen
No er arbeida med å gjera punktutbetringar på Lepsøyvegen i gang (lesarfoto: Benjamin Bruarøy/tips@midtsiden.no)
Andris Hamrefredag 30. juni 2017 07:00

I februar kunne ordførar Marie Bruarøy (H) ta highfive med elevar frå Nore Neset barnskule då ho opna den første strekninga av ein rehabilitert og utbedra fylkesveg 158 Lepsøyvegen.

Les: HighFive for nye Lepsøyvegen

Hadde pengar til overs

Dei 1,4 kilometrane blei levert frå entreprenøren til ein lågare kostnad enn berekna og ein sat att med litt pengar til overs.

Les: Redd vegmillionar forsvinn

– Vi ba dei då om å nytta dei pengane til punktutbetringar og få fjerna nokre av dei verste nabbane vidare utover, mellom anna for å betre sikta, fortel Aina Tjosås, kommunalsjef for samfunnsutvikling i Os kommune.

Er i gang

Midtsiden fekk i går eit lesarbilete som tydar på at no er arbeidet i gang.

– Då har dei tydelegvis kome i gang. Det er veldig bra. Vi har purra veldig på dei i vår for å få dei til å gjera dette, avsluttar Tjosås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.