Sport | 24. juli 2014

Gjer reint bord i Danmark

Nore Neset og Lysekloster stiller sterkt i Danacup. Fire spelarar frå Os er lånt vekk til andre klubbar, og dei gjer det ekstra bra.

Gjer reint bord i Danmark
Andrine Døsen (t.v.) og Anne Fjeldstad skåra halvparten av Gneist sine 10 første mål I Danacup. No ventar A-sluttspel. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. juli 2014 06:53

Denne veka går den store fotballturneringa Danacup av stabelen.

To klubbar frå Os kommune deltar, Lysekloster med gutar 13, Nore Neset med fem ulike lag.

I tillegg er fire spelarar frå Os Turn med i turneringa, dei to 15 år gamle kretslagspelarane frå Os J16, Andrine Døsen og Anne Fjeldstad på utlån til Gneist, og dei to talentfulle gutar 13-spelarane, Ole Martin L. Kolskogen og Tobias B. Nøss på utlån til satsingslaget til Fyllingsdalen.

Fyllingsdalen har skåra 35 mål på 3 kampar (!) og har null baklengs (14-0, 8-0 og 13-0) etter tre kampar mot danske, norske og svenske «motstandarar».

Gneist-jentene har også halde nullen, 6-0, 4-0 og 2-0. Etter dei to første kampane hadde jentene frå Os skåra halvparten av måla til Gneist.

– Mykje tøff motstand

Medan Lysekloster stiller med eitt lag har Nore Neset 70 spelarar i eit reisefølgje på rundt 200 norenesingar til Danmark.

Juniorane og gutelaget blei ikkje mange nok til å stilla lag, men klubben har likevel fem lag med i yngre klassar, fire smågutelag saman med jenter 16.

Jentelaget har gjort det best til no og er i A-sluttspel.

Etter 0-2-tap for eit dansk lag vann dei 5-0 og 2-0 over to norske lag i innleiande rundar.

– Det er mange gode lag med, fleire av dei er reine akademi der dei beste i ein heil region er samla i éin tropp, fortel Kenneth Hufthammer.

Han er trenar for både J16 og to G13-lag frå Nore Neset.

– Gutar 13 klarte å halda 1-1, og hadde nokre store sjansar der dei kunne tatt leiinga, men tapte 5-1 for det amerikanske elitelaget NSA.

Dei har også hatt store tap og sigrar, som 0-8 for Trauma og 9-2 over Marnadal.

Gutane frå Lysekloster starta med eit knepent 1-2-tap, og spelte så uavgjort mot Norsk Fotballakademi og Athletico frå Libanon.

Det går no mot sluttspel i Danmark.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.