Gjersvik opnar sommarutstilling
Vedholmen Galleri har invitert ein bukett av sommarutstillarar, og har hyra inn Ole Amund Gjersvik til å spela under vernissasjen.
Laurdag er det vernissasje av sommarutstillinga ved Vedholmen Galleri.
– Vi har samla ein sommerbukett av nydeleg og profesjonell samtidskunst, seier gallerist og kunstnart Vibeke Harild.
Ole Amund Gjersvik held ein minikonsert under opninga av utstillinga, som inneheld kunst av Rita Marhaug, Line Hvoslef, Sarah Reed og Ingri Egeberg.
Grafikk, porselen og – sau
– Det er fire år sidan Marhaug sist hadde utstilling hos oss. Etter mange års arbeid med fotobasert grafikk og teikning vender ho tilbake til uttrykket ho utvikla tidleg i karriera si, gjennom bruk av tresnitt i svart og kvitt.
Hvoslef kjem med nye inntrykk frå Nord-Noreg, «via blandings-teknikker på plate blir vi ført i utopiske landskaper i kjente Hvorsle- vokabular».
Reed viser sine flortynne porselensarbeid, Egeberg sine narrative visuelle grafiske arbeid og Harild sin ektemann, Peter Marron, har gått i djupna på sauen si verd.
I tillegg blir det vist eit utval av cirka 40 kunstnarar som tidlegare har stilt ut på Vedholmen og der dei fleste er representert i lageret til galleriet.