Lokal | 05. mai 2010

Gjorde reint bord

Tre kokkejenter frå Os gjorde reint bord i Horda-Cup då dei vann alle dei tre rettane dei konkurrerte i.

Gjorde reint bord
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. mai 2010 07:40

Charlotte Gabrielsen, Sandra Eikeland og Siren Berland frå Os representerte Fusa Vidaregåande skule i kokkemeisterskapet Horda-cup førre veke. Dei tok storeslem og knuste dei andre deltakarane i alle dei tre rettane dei konkurrerte i. Sist Fusa VGS vann konkurransen var i 2006.

Frå fjord og vidde
«Frå fjord og vidde» var temaet dei unge kokkane skulle prøva seg på. Oppgåva gjekk på at dei til forretten skulle nytta kongekrabbe og ishavsrøye, hovudretten skulle vera av lammerygg og i desserten skulle det nyttast krem. For å få godkjent måtte kvar av desse ingrediensane utgjera 60% av retten.

- Vi har brukt mykje tid på finne fram til dei rette smakane og på å øva slik at alle visste kva dei skulle gjera, fortel læraren deira Ottar Bang. Han håper på tilgjeving frå skuleleiinga for å ha brukt mykje pengar til dei eksklusive ingrediensane i førebuinga.

Sammensetinga av dei forskjellige rettane er det jentene sjølv som funne fram til med god hjelp frå læraren.

Over all forventing
- Eg hadde ikkje dei store forventingane før konkurransen. Vi skulle møta masse dyktige kokke-elevar frå dei andre skulane i Hordaland. At jentene skulle dra det heile i land på ein så suveren måte som dei gjorde hadde eg aldri trudd, seier ein tydelig stolt lærar.

Sat ut jentene
Kokkelærar Ottar Bang er kjent blant elevane sine for å være ein tydeleg og til dels tøff lærar. Difor er det kanskje ikkje så rart at det einaste som satt elevane litt ut dei to dagane konkurransen varte, var når gledestårane kom i augekorken til den elles så strenge læraren.

- Eg hadde ikkje heilt bakkekontakten der ei periode. Eg sa då vi vann i 2006 at det var det største eg hadde opplevd, men dette var større, avslutar ein særs nøgd Ottar Bang.

Menyen
Har du lyst til å smaka rettane på vinnarmenyen? Då skal du «berre» laga:

Forrett:
Pepperstekt kongekrabbe med gulrotpuré, Grilla Ishavsrøye med sellerirotpuré og ein balsamicosirup til å skapa smakskontrastar.

Hovudrett:
Ytrefilét av lam med stekt asparges og vårlauk, sjampinjongstuing og stekte fjellmandelpotet.

Dessert:
Sjokolade og vaniljefromage med bringebærcouli og friske jordbær.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.