Glatt på Thuen
Vatn renn ut på fortau og i Lepsøyvegen. - Slik har det vore i to år, fortel Midtsiden-lesar.
Med frosten oppsto eit tilbakevendande problem i og langs Lepsøyvegen på Thuen. Vatn som kjem frå ei innkøyrsel på oversida av vegen renn ut på fortauet og i vegen og frys til is.
- Det kan vera eit problem både for gåande og køyrande, meinar Midtsidenlesaren.
Vil sjå på det
Marianne Kramer hos teknisk drift i Os kommune var sjølv ikkje kjend med problemet då Midtsiden kontakta ho.
- Vi må sjølvsagt ta ein tur ut der og sjå på det.
- Om det er eit rør som er sprunge lekk eller om det er grøfter i naturen som frys og som gjer at vatnet renn der det renn er vanskeleg å seie utan å ha sett på det.
- Uansett får vi sjå på det. Om det er eit rør som er lekk så må det fiksast, slår Kramer fast.