Kultur | 07. jan. 2010

Gledeleg gjensyn

Programma frå Kongshaug gav sjåar-rekord hos NRK. No er det reprise og til våren kjem nye program.

Gledeleg gjensyn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. jan. 2010 12:50

"Salmer gjennom livet" er namnet på dei tre programma som i fjor vinter viste musikk og bilde frå Kongshaug Musikkgymnas på Lepsøy.

Det første programmet, som handla om vuggesong og barne- og ungdomsviser, inkluderte også song av ungar frå Søre Øyane.

- No går programma i reprise, sundag viste dei det første programmet, dei neste to sundagane får vi sjå programma med salmar for vaksne og eldre, seier rektor Oddvar Rotvik.

Programma blir sendt dei to neste sundagane klokka 17.30, med reprise måndagen etter klokka 11.30.

Rotvik har fått fine tilbakemeldingar etter at programma blei sendt, både i fjor og etter første reprisesending sundag som var.

- Også NRK registrerer gode sjåartal og fine tilbakemeldingar. Innan programkonseptet "Åpen himmel", som desse programma går inn under, opplevde dei sjåar-rekord for sendingane frå Konshaug, fortel han.

NRK vil derfor laga nye program frå Kongshaug.

- Det kjem to nye program, med arbeidstittelen "Skaperglede", som skal visast i mai, sundag 9. og 16. mai, fortel rektoren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.