Trass fleire restriksjonar kring drifta av Osbadet, er Torbjørg Brattabø ved godt mot. (Foto: Ørjan Håland)
Trass fleire restriksjonar er Torbjørg Brattabø ved godt mot på vegne av Osbadet. (Foto: Ørjan Håland)

Gler seg over våt slutt på haustferien

Sånn har Osbadet klart seg gjennom koronapandemien.

Ørjan Håland
08. oktober 2020 - 9:46

Med fint vêr og koronapandemi som motstandarar, har Osbadet hatt nedgang i besøkstalet denne sommaren og hausten. Men trass tøffe motstandarar er dagleg leiar Torbjørg Brattabø ved godt mot. 

– Besøkstala har vore greie etter at vi opna, men er veldig vêravhengig. Vi noterer dagens vêr saman med statistikken, sånn at det er lettare å samanlikna tal med tilsvarande veker frå tidlegare år, seier dagleg leiar Torbjørg Brattabø.

Kvardagane går meir eller mindre sin faste gang, med gruppetimar, skulesvømming og kurs - det er i helgene og feriane vêret har mest å seia, og fleire helger i haust hatt hatt fint vêr.

– Men no er det haustferie, og med regn torsdag og fredag kan det bli gode dagar i bassenget.

Wibit: Osbadet byr på ekstra utfordringar i haustferien.
Wibit: Osbadet byr på ekstra utfordringar i haustferien.

Ein relativt trygg stad 

Brattabø vert ivrig i praten om hygiene og om dei ulike smitteverntiltaka som nordmenn har vorte pålagde i koronatida.

– Det skal vera mykje større sjangs for å bli smitta på kjøpesenter og restaurant, enn i eit bad, seier Brattabø, og viser fram ein artikkel i bransjebladet NemiTek.

Varme, fukt, reinhald og overlegen ventilasjon er hovudårsakene som er nemt i rapporten.

– Eg forstår og respekterer problematikken, men håper vi gradvis kan utvida drifta, seier Brattabø.

Bjørnafjorden kommune har drive smittesporing etter nokre smittetilfelle i haust. Ein av få smitta som ikkje var i 20-årsalderen, ein gut i barneskulealder, hadde tidlegare same veke vore i Osbadet. 

– At kommunen ba folk som hadde vore i Osbadet denne dagen om å følgja nøye med på om dei fekk symptom, fekk sine konsekvensar for besøkstalet i helga og dagane som følgde.

Torbjørg Brattabø synar fram eit bransjeblad. (Foto: ØH)
Torbjørg viser fram eit bransjeblad der ekspert uttaler seg om låg fare for smitte i badeanlegg. (Foto: ØH)

Skil gjestane frå kvarandre

Ved sidan av reinhald, desinfisering og ventilasjon, som Osbadet frå før er god på, styrer dei garderoben på ein annan måte enn før.

– Det viktigaste vi gjer som smitteverntiltak er å ha kontroll på kven og kor mange som er i garderobane samtidig. Før kunne dei ulike gruppene møtast i garderoben, det er ikkje lov lenger. No må den eine gruppa venta på å gå inn i garderoben, til den andre er ferdig og har kome ut, seier Brattabø.

– Vi passar òg på at det ikkje er fleire enn 20 i garderoben på same tid. 

Matsvinn og sparte utgifter 

I tillegg til reduserte besøkstal har Osbadet mista noko omsetnad på kiosk og kurs.

– Kurs som skulle blitt arrangert i vår, då alle bassenganlegg måtte stenga, har vi tatt i haust - noko som har tatt opp plass til kursa vi skulle ha i haust. 

– I perioden med stengt basseng blei òg nokre av varene i kiosken gamle, og vi fekk uvanleg høgt svinn. 

Men tida med stengt basseng blei nytta godt, med skifte av boblebad og ny innreiing i garderobane.

Dei sparte òg mykje pengar på straum, blant anna fordi dei tappa ned bassenga. 

– Alt i alt synest eg vi har klart oss bra gjennom denne perioden. No er eg ein av få i bygda som håper på våtare helger utover hausten, humrar Brattabø.

 

Les meir om

Næringsliv Sport