Kultur | 22. juni 2011

Gler seg til festival

Torsdag tjuvstartar Vamp Osøren Blues & Jazzfestival. Oseanadirektøren gler seg til ei ny helg med fullt hus.

Gler seg til festival
Andris Hamreonsdag 22. juni 2011 08:08

Opningshelga for Oseana blei ein suksess med fulle hus på det eine arrangementet etter det andre.

- Det har vore ei heilt eventyrleg opning.

- Mange advarte meg på førehand om at Osingane var litt treige av seg, men det har ikkje vi merka noko til, seier Oseanadirektør Kim Kristoffersen.

Han lovar at det vil koma små overraskingar i løpet av sommaren.

Nye bruksmåtar

Arrangementa som har vore så langt har Oseana sjølv stått for, no overlet direktøren huset til Osøren Blues & Jazzfestival.

- Det skal bli utruleg spennande å sjå korleis huset fungerar på ein festival som dette, seier direktøren.

- For første gong skal vi ha ein konsert i Oseanasalen (Vamp-konserten journ.anm) kor vi ikkje bruker stolsetene, men folk skal stå på gulvet.

- Korleis det fungerar med vel 1000 tilskodarar blir spennande, meiner festivaldirektøren.

Tre spelestader

Festivalen held 7 konsertar fredag og 8 konsertar laurdag i tillegg til festivaljam på terrassen laurdag førmiddag.

- Det skal bli artig å sjå korleis det fungerar med å ha konsertar i Oseanasalen og foajeen samstundes med at det er konsert i Vargasalen i kjellaren, seier Kristoffersen som håpar flyten av folk mellom dei tre konsertstadane vil fungera.

Leiger festivaldoar

Ei erfaring direktøren har gjort seg gjennom opningshelga er toalettkapasiteten.

- Vi ser at berre å ha toaletta i kjellaren under festivalen kan bli litt i snauaste laget.

- Vi har difor sett oss nøydd til å leige portable festivaltoalett og urinal for å ta unna det aukande behovet eg reknar med kjem.

- Eg vil i allefall be alle om ikkje å gjera sitt fornødande bak ei busk i Mobergsvikjo, men bruka dei toaletta vi sett opp, avsluttar Oseanadirektør Kim Kristoffersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.